Kjølsdalen krins

Nyhende

Kva vart det av juletrea som ein kunne hente på Gjeddalsvegen?

Av Jan Eide
juletre
Vi hadde i haust ein artikkel om juletre. Nokon har spurt korleis det blir med dette prosjektet. Jula nermar seg. Eg har klarert med grunneigarane Per Stårheim, meg sjølv og Arne Kjøllesdal om at dette er OK. Det gjeld stykket frå Dalsætra til Råsehauen (der du ser Gjeddalen opne seg). Ta det treet du vil mellom vegen og elva frå fyrste brua på Gjeddalsvegen. Om du vil, betal inn ein symbolsk sum til kto for Gjeddalsvegen: 3790 14 43735 (kanskje kr 100.- pr tre kunne passe?) Rydd opp etter dykk.
På biletet er diverre desse fine trea borte, men det er sikkert nok att.

(Sist oppdatert 19.desember 2008, 09:56)

Gå til nyhendearkiv