Kjølsdalen krins

Nyhende

Lyspkt nok ein gang - Geir Lefdal tek opp lyspkt-saka.

Geir6
Lefdal lovar gatelys
Tormod Flatebø, 21.01.09

- Hadde Olaug Rotihaug (Ap) røysta for mitt framlegg i Teknisk styre så ville ikkje gatelysa vore slått av i dag. Dette seier Geir Lefdal (H). les meir i Fjordabladet eller her (trykk på overskrifta)

Då denne saka var oppe i Teknisk styre før det endelege budsjettvedtaket på slutten av fjoråret, hadde eg eit framlegg til andre måtar å spare dei naudsynte kronene på. Framlegget mitt gjekk mellom anna ut på at vi kunne spare ein god del pengar ved å organisere brøyteberedskapen betre og meir kostnadseffektivt. Dersom vi hadde lete private overta brøyteberedskapen ville vi spart mest like mykje som det i dag kostar å ha lysa på, seier Lefdal.
«Nye pengar»
Geir Lefdal annonserer allereie no at han kjem til å gå inn for at det vert lys langs vegar og gater i kommunen.
- Etter at vi gjorde det endelege budsjettvedtaket vart budsjettet til teknisk plussa på med ein million kroner. Desse midlane er ikkje fordelte. Når vi skal ha vårt neste møte i Teknisk styre den 10. februar skal desse «friske kronene» fordelast. Eg for min del kjem til å føreslå at vi nyttar ein del av millionen til å få lys langs vegane. Ikkje minst er dette viktig ut frå dei konsekvensane vi i dag ser og høyrer om, seier Geir Lefdal frå Høgre.

(Sist oppdatert 22.januar 2009, 08:31)

Gå til nyhendearkiv