Kjølsdalen krins

Nyhende

Fjordabladet skriv om skulane og kvalitet på undervisninga

rektorane

- Kvaliteten i skulen blir svekka
Tormod Flatebø, 23.01.09

- Ein konsekvens av at skulane i bygda er pålagt å kutte sine budsjett, blir at kvaliteten på læringsmiljøet i skulen vert dårlegare.

Trykk på overskrifta for meir info.
Kvaliteten i skulen blir svekka
Tormod Flatebø, 23.01.09

- Ein konsekvens av at skulane i bygda er pålagt å kutte sine budsjett, blir at kvaliteten på læringsmiljøet i skulen vert dårlegare.


Rektorane Åslaug Krogsæter, Anne-Grete Eikås, Nils Petter Nes og Ole Johan Myklebust er uroa over at skulane stadig får mindre å rutte med. – Det går ut over kvaliteten i skulen, seier dei.
Dette seier eit samla rektorkollegium ved skulane i Eid til Fjordabladet.
– Vi er lojale og gjennomfører dei kutt som er nødvendige ut frå dei budsjett vi har fått til rådvelde. Vårt fokus no er at vi må få gjennomført dei tiltak som må gjennomførast så snart som muleg. Dess lenger det går før tiltaka vert sett i verk, dess hardare råkar det både lærarar og elevar, seier Åslaug Krogsæter, rektor ved Eid Ungdomskule, Nils Petter Nes, rektor ved Nordfjordeid skule, Ole Johan Myklebust, rektor ved Hjelle skule og Anne-Grete Eikås rektor ved Stårheim skule.
Liv og lære
Dei fire rektorane representerer eit samla rektorkollegium når dei uttalar seg om situasjonen i grunnskulen i kommunen.
- For det første er det viktig å peike på at det er vanskeleg å sjå samanhengen mellom det som vert gitt uttrykk for frå sentralt hald, om at det skal bli meir og betre læring, og det som skjer rundt om i kommunane. - Det vi no opplever er ikkje i tråd med uttalt nasjonal skulepolitikk, seier rektorane som er smerteleg klar over at Eid ikkje er i nokon særstilling.

Halvparten
Ei ny undersøkinga viser at 45 prosent av kommunane reduserer midlane til skule i 2009. Berre 31 prosent vil bruke like mykje i år som i fjor. Resultatet av kutta betyr truleg at fleire grendeskular vil bli lagt ned, og at det vil bli fleire elever per lærer.
- Det som er problematisk er at ein no tek bort auken som skulle føre til betre skule og auka læring. Større klassar, altså færre lærarar per elev, samanslåingar av klassesteg ved dei fådelte skulane i viktige fag som norsk og matte fører til at det vert mindre tid til oppfølging og hjelp til den enkelte elev. Det betyr også at den venta effekten av kunnskapsløfte, som i korte trekk går ut på at ein skal heve karakternivået frå to til tre hos ein del elevar, blir vanskeleggjort, seier rektorane.

Rekruttering
Rektorane peikar også på at situasjonen i skulen kjem til å gjere rekrutteringa til yrket vanskelegare.
- Eg har utplassert lærarar under utanning på Nordfjord skule som tel på knappane om læraryrket er framtida. Det er skræmande med tange på tilveksten av nye gode lærarkrefter, seier Nils Petter Nes.

Dugnad
Rektorane er også opptekne av at den enkelte lærar tøyer grenser for at kutta ikkje skal råke elevane.
- Vi har ei litt anna arbeidstid enn ein del andre i arbeidslivet. Mykje tid går med til planlegging og oppgåveretting. Det seier seg sjølv at når den enkelte lærar får fleire elevar, så vert det også mellom anna meir oppgåver å rette. Ein kraftig auke i arbeidsmengde kan fort gå ut over motivasjonen. Lærarane våre er samvitsfulle overfor elevane, men vi kan ikkje forvente at dei skal drive skulen på dugnad, seier rektorane som ropar eit kraftig varsko om at stadig trongare økonomiske kår for skulane fører til at kvaliteten vert ringare.

Tradisjon
Rektorane er ein smule uroa over at ikkje fleire engasjerer seg i forhold til det som skjer på skulesektoren.
- Eid har tradisjon på å ha gode skular. Dette saman med at tilsette i skulen ikkje har tradisjon for å rope ulv i tide og utide, kan vere ei årsak til at det er meir stille rundt skulane enn i forhold til sløkte gatelys. – Det er sjølvsagt bra at både politikarar og foreldre har tillit til at vi gjev god undervisning uansett. Men ein skal ikkje ta det som ein sjølvsagt ting når budsjetta vert trongare, seier Nils Petter Nes, rektor ved Nordfjordeid skule.



(Sist oppdatert 24.januar 2009, 08:04)

Gå til nyhendearkiv