No når heile krinsen har fått breiband kan ein kanskje kome med nokre tips på korleis bruke dette saman med andre ting. Kanskje du likar å høyre lokalen om morgonen samstundes som du les avisene på nettet?
Ved å trykkje på overskrifta får du ei løysing på korleis du kan gjere det.
Du går inn på sida vår Gå ned på der det står linkar til venstre. Ved å trykke her får du opp ein del linkar som feks. NRK sogn og fjordane. Trykk på denne og du får opp web-sida til NRK. Blås opp sida ved å trykke på firkant øverst. PÅ lina øvst oppe står det NRK Nettradio. Trykk på denne og du får opp eit bilde der du kan velge ulike stasjonar f. eks NRK S&F. Etter ei lita stund får du inn radioen og du kan surfe vidare på nettet. Veldig greit for folk som er på reise eller bur i eit anna fylke og likar å høyre nytt frå sitt eige fylke.
Lukke til. Har du tips om andre måtar å nytte breiband på - dult meg som ein seier på fjesboka (facebook) på nynorsk.