Kjølsdalen krins

Nyhende

Kva med Kjølsdalen framover?

Av Jan Eide
Kjølsdalen 1950
Dette er eit bilete avfotografert frå boka til Ottar Starheim: Historiske flyfoto. Han skriv m.a. I 1945 starta den 22 år gamle Karstein Humborstad skofabrikk i heimbygda. Som 25-åring bygde han ein 5-etasjes fabrikkbyggning i Kjølsdalsstranda. Opptil 50 personar hadde arbeid her.

Meir ved å trykke på overskrifta.
Fabrikken har sidan konkursen 1954 vore brukt til restaurering og bolig. I 2008 kjøpte ungdomen Amund Sundal bygget. Etter ein del problem med lovverket og Eid kommune er bygningen overteken av andre. Eg som leiar av utviklingslaget meinte at Eid kommune burde ha hjelpt Amund i denne saka meir enn dei gjorde. Skal vi i utkantane få utvikling må vi alle bidra med noko. Eid kommune har i allefall ikkje hjelpt oss. Frå 2002 og framover skulle det utarbeidast reguleringsplan etc for Kjølsdalsstranda - noko det aldri vart noko av. No har kommunen endeleg prøvt å få til utviding av byggjefeltet - noko vi treng om vi skal halde på skulen. Men kva gjer ungdomen? Kva vil dei og kva med Kjølsdalen? At det er ein grei plass å bu på er dei fleste samde om.
Vegen er kort til sentrale sentra om det er det som er målet. Kom med forslag på Facebook eller andre fora, men det må gjerast noko skal vi ha utvikling her. Lefdal har endeleg fått breiband. Om Telenor greier å halde lovnaden sin for det vi betalar for, kunne det vere ok å arbeide heimanfrå via PC.
Det er frist for søknad om SMIL-midlar 15 april. Eit tips om ein vil eit kvart lite til felles beste.
God påske!

(Sist oppdatert 09.april 2009, 14:13)

Gå til nyhendearkiv