Kjølsdalen krins

Nyhende

Haugen skule v/Borghild Kjørstad skriv om utviklingsarbeid innan matematikk

Kva gjorde ein på Haugen skule

Av Jan Eide
Matematikkens dag på Haugen
I siste bladet Tangenten som er eit tidsskrift for matematikkundervisning har Borghild Kjørstad frå Haugen i Eid og Sigbjørn Hals frå Måløy ein artikkel i høve Sophus Lies pris som dei fekk for 2006 og 2007. Prisen for 2008 vart diverre ikkje delt ut, men det vil snart gå ut invitasjon til å søkje om 25000 for 2009 som er gjeve av Sparebanken Sogn og Fjordane. Alt no kan skulane ta til å førebu seg på opplegg. Trykk på overskrifta for å få med kriteria. Her er eit par linkar som kan vere verdt å ta med seg.
Matematikk til glede og nytte
og
Tangenten
Prisen vert gjeven til den skule eller klasse som gjennom iderikdom, samarbeid og målretta arbeid fremjar interesse for matematikk gjennom elementær dugleik i rekning, talhandsaming og algebra. i tillegg er det viktig å synleggjere bruk av matematikk i andre fag, til dømes fysikk, naturfag, statestikk, økonomi og musikk. Juryen vil også leggje vekt på originalitet, synleggjering i og utanfor skulen, og engasjement som fører til glede og nytte i matematikkoplæringa

(Sist oppdatert 07.mai 2009, 07:12)

Gå til nyhendearkiv