Kjølsdalen krins

Nyhende

Nytt bilete teke av Ottar Nes - i dag Tømmerstøl

Av Jan Eide
Tømmerstøl
I dag legg vi ut eit bilete frå inste og øvste del av krinsen vår: Tømmerstøl. Vi ser til venstre husa til Johnsen. Terje m. fam. som bur i nyrestaurert "Gamlehuset". Det kvite tilhøyrer Marit og Reidar Johnsen. Lenger til venstre ser vi garden til Sverre Tømmerstøl m. fam. der det no er søkt om byggjeløyve for neste generasjon. Heilt til høgre bur John Tømmerstøl og kona.
Vegen til Tømmerstøl fekk skilt ved riksvegen i år sidan dette er endepunktet og ligg lengst vekke frå riksvegen. Vi får vone at dei som vil busetje seg her lukkast med det og kan føre nye folk til krinsen. I desse skuledebatt-tider treng vi det vi kan få av produktive foreldre for å fylle opp skulen vår

(Sist oppdatert 07.mai 2009, 07:30)

Gå til nyhendearkiv