Kjølsdalen krins

Nyhende

Opprydding på Hansebruket

Av Jan Eide
 © Jan Eide
På post-lista til Eid kommune 25/5 kan vi lese brev som er sendt Bjarne Kjøllesdal. Eigar av 111-2 får beskjed om å rydde opp på eigedomen etter storm i tidlegare år. Ved å trykke på overskrfta får de fram teksten eller lese brevet ved å trykkje påHER
.Biletet er teke i 1999
EID KOMMUNE
PLAN-OG UTVIKLINGSAVDELING
Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: E post:
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Kontoradresse:
Rådhusvegen 11
org.nr: 938521816
57 88 58 00 57 88 58 01 3790.07.00130
5398.05.01120
post@eid.kommune.no
Heimeside:
http://www.eid.kommune.no
Side 1 av 3
Bjarne Kjøllesdal
Att. Eid Eldresenter
Fossevegen 28
6770 NORDFJORDEID
Vår ref. Dykkar ref. Dato:
06/202-8/GBNR-111/2//AMB 25.05.2009
TILSYNSRAPPORT/VARSEL OM PÅLEGG - SIKRING OG RYDDING
- BJARNE KJØLLESDAL
Viser til vedlagde skriv frå Hans Petter Gilleshammer motteke 16. april 2009 vedkomande
status for opprydding og sikring på gnr. 111 bnr. 2 i Kjølsdalen.
Med heimel i Plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 (pbl.) § 10-1, jf lov om
behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) av 10. februar 1967 § 16, vert det
med dette varsla om at det er opna tilsyn i sak 06/202.
Tilsynet er retta mot tiltakshavar, og vil omhandle utføring av sikrings- og vedlikehaldsarbeid
etter pbl. § 89 fyrste ledd.
Tilsynet har som føremål å bidra til eit godt sluttprodukt og sjå til at krava i pbl med
forskrifter vert ivareteke. Eid kommune har etter pbl. § 10-1 plikt og ansvar til å føre tilsyn
med at plan- og bygningslovgjevinga vert overhalde i kommunen.
Tilsynet bør rettast mot avgrensa definerte fagområde. Eid kommune har i Plan for tilsyn i
saker etter plan- og bygningslova, vedteken av teknisk styre den 12. mai 2009 i sak 060/09,
lagt til grunn at sikring og vedlikehald av skjemmande bygg skal prioriterast.
Tilsynsrapport
Plan- og utviklingsavdelinga gjennomførte den 15. mai 2009 ei synfaring for å kunne vurdere
i kva grad det er naudsynt med strakstiltak etter Plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77
§ 89 fyrste ledd. Etter denne bestemminga kan bygningsstyresmaktene gje naudsynte pålegg
for å førebyggje eller få brakt i orden byggverk som er ”i slik stand at fare eller vesentlig
ulempe ikke oppstår for person eller eiendom, og slik at det ikke virker skjemmende i seg selv
eller i forhold til omgivelsene”. Det vert opna for to ulike vurderingar av eit tiltak; om dette
medfører fare eller vesentleg ulempe, og om dette er skjemmande.
Side
Etter gjennomført synfaring finn bygningsstyresmakta for det fyrste at den halvveges nedrivne
driftsbygningen inneber ei fare for personar etter pbl. § 89 fyrste ledd. Det vert vist til vedlagd
biletdokumentasjon.
Denne viser at det er fare for fallulukker fleire stadar, mellom anna frå låvebru og ned til
mark, samt ned i bygningsavfall i tidlegare fjøs. Vidare er det mogeleg for personar å ta seg
opp til silobygg, og falle ned i denne. Bileta viser også usikra nedgang til kjellar. I høve
Forskrift om krav til byggverk og produkter til byggverk (TEK) av 22. januar 1997 nr. 33
§ 7-41 nr. 3 skal ”Byggverk og deler av byggverk ha slik planløsning og utførelse at fall som
kan føre til skader unngås”. Så lenge bygget ikkje er fullstendig nedrive vil denne
bestemminga gjelde også for lada. Nemnde byggverk er klart i strid med denne bestemminga.
Vidare ligg det mykje bygningsavfall i området som kan medføre fare for kuttskader,
infeksjonar og liknande. Dette vil vere i strid med TEK § 7-41 som legg til grunn at
”Byggverk, del av byggverk, atkomst og arealer nær byggverk skal ha en slik størrelse og
utforming eller planløsning at fare for skade på person unngås.”, samt § 7-42 om at
”Utearealer nær byggverk skal utformes slik at brukerne trygt kan oppholde seg i det fri.”
For det andre finn bygningsstyresmaktene at den halvveges nedrivne driftsbygningen er
skjemmande i høve seg sjølv og i høve omgjevnadene, jf pbl. § 89 fyrste ledd. Vidare er
restane av bygningsmaterialet som ligg spreidd ut over eigedomen skjemmande. Eigedomen
ligg i eit område med fleire gardsbruk, og nær kommunal veg med gjennomgangstrafikk.
Tiltaket er såleis lett synleg for fastbuande og andre.
Varsel om pålegg
På bakgrunn av dette finn bygningsstyresmaktene at gjennomført sikrings- og ryddingsarbeid
ikkje har vore tilstrekkeleg, og at tiltaket framleis er i strid med pbl. § 89. Med heimel i lov
om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) av 10. februar 1967 § 16 vert det
difor varsla pålegg om retting av ulovlege tilhøve etter pbl. § 113, jf § 89 fyrste ledd.
Det vert i samsvar med forvaltningslova § 16 fyrste ledd fyrste punktum gjeve høve for
tiltakshavar til å uttale seg i saka, eventuelt å rette opp i dei ulovlege tilhøva. Frist for uttale
vert sett til 22. juni 2009.
Tiltakshavar vert vidare gjort merksam på følgjande:
Eit pålegg om retting etter pbl. § 113 kan følgjast opp med førelegg etter pbl. § 114 som får
verknad som ein rettskraftig dom, jf tvistelova § 19-14. Førelegget etter pbl. § 144 er eit
middel for kommunen for å skaffe seg tvangsgrunnlag for å kunne gjennomføre pålegget.
I pålegget vil det bli gjeve ei frist for oppfylling.
Dersom det ikkje er råd å få utført det naudsynte arbeidet, ber vi om tilbakemelding om
dette. Ei løysing kan vere at kommunen syt for arbeidet vert gjort på tiltakshavar si
rekning.
Om De har spørsmål kan sakshandsamar kontaktast.
Side
Med helsing
Gerd Fløde Bjørlo
Plan-og utviklingssjef
Ann Mari Bjørlo
Byggjesakshandsamar
Tlf.: 57 88 58 05
E-post: abj@eid.kommune.no
Kopi av skriv og vedlegg til:
Hans Petter Gilleshammer Kjølsdalen 6776 KJØLSDALEN
Jan Eide Kjøllsdal 6776 KJØLSDALEN
Kjell Arne Heggheim 6776 KJØLSDALEN
Lars Frode Humborstad 6776 KJØLSDALEN

(Sist oppdatert 04.juni 2009, 06:46)

Gå til nyhendearkiv