Kjølsdalen krins

Nyhende

Slåtten er i gang

Av Jan Eide
Slått på Nordbø 1953 © Odd Nordbø
Så er slåtten i gang i krinsen, tidlegare enn vanleg og med andre reiskapar enn på biletet som viser Slåtten på Nordbø i 1953. Odd Nordbø hadde fått hjelp frå fam Eide frå Sandane.
Vi ser frå venstre litt av Odd Eide, Jan Eide og Bjørn Eide, alle brødre. Til høgre for Bjørn ser vi Hallstein Kjøllesdal som var ein trufast kamerat av familien. Framfor faren Audun Eide ser vi systra deira Marit Eide. Den gangen var det mykje hesjing og småljå på Nordbø. Rivene den gang var av tre og desse var laga av P O Nortun på verkstaden sin på loftet i huset i Nortun.

(Sist oppdatert 07.juni 2009, 09:06)

Gå til nyhendearkiv