Kjølsdalen krins

Nyhende

Twitter og facebook

Twitter
Du lurer kanskje på kva Twitter er?
LITT OM TWITTER
Føl du med på dagsrevyen så har du sikkert fått med deg at for å få ut nyhende frå Iran, så er mobil og Twitter eit av dei middel ein brukar for å spreie siste nytt og kva som foregår der. Facebook har vi skreve om før her på websida. Leit dykk fram ved å gå inn på nyhende på venstre side og bla nedover. Det er mange frå krinsen som brukar Facebook. Alt er ikkje like interessant for alle. Ikkje alle er interessert i kor tid folk legg seg og står opp, men skriv ein blir tida registrert og det fortel også litt om dei enkelte. Ikkje alle har fått med seg bruk av Facebook og Twitter, men dei fleste har vel fått med seg flausa til AP-mannen Bremer og sokkeseget hans. På facebook ligg der ein fin peikar til artikkel frå Aftenposten om Twitterbruk. Lukke til...

(Sist oppdatert 22.juni 2009, 06:15)

Gå til nyhendearkiv