Kjølsdalen krins

Nyhende

Brev om skyting på Holstøylen

Av Ole Thomas Humborstad
De finn brevet frå Ole Thomas ved å trykkje på overskrifta
Kommentarar som Jarle Åsen kom med i saka som omhandlar skytinga på Holstylen, vitnar om kva haldningar og forståing somme har for jakt, skyting og alt som har med dette å gjere. Eg siterar: ”Så godtfolk, bruk sætra til turgåing og rekreasjon”. Men kva trur eigentleg Åsen at skyting er for noko? Yrkesutøving? Trening med reidskap til å utføre kriminelle handlingar? Tvangshandlingar? Skyting og jakt er i aller høgste grad rekreasjon på lik linje som alt anna folk vél å assosiere med begrepet, og ein har like stor rett til å utøve denne rekreasjonsforma så lenge forholda ligg til rette for det, som nestemann har til å gjere noko anna. Å bli henvist til offentlege skytebaner fordi ein granne ikkje likar at ein bedriv øvingsskytingpå sin eigen eigedom utan å bryte reglane som gjeld for dette, held ikkje. Det skulle vel ikkje vere nødvendig å gjenta grunnane frå førre skriv til at Holstøylen til tider blir brukt som skytebane, som eit tillegg til frekventering av offentlege skytebaner i området? Kvar skal ein f.eks. skyte når dei offentlege banene er stengde i vinterhalvåret, eller berre tillét skyting med somme typar våpen/kaliber?

Eg har full forståing for om naboar som måtte vere på nabohyttene tykkjer smellane er til sjenanse, og ein har tatt slike hensyn så langt ein har vore klar over at det har vore fok i området. Men så igjen, eg har til dags dato ikkje fått ein einaste telefon, brev, eller kva no kommunikasjonsform folk i området her brukar, om at skytinga har vore sjenerande. Vi var først klar over at nokre få individ hadde klaga når Jan Eide orienterte om dette på websidene til KKUL.

Slik Isak Husevåg seier om at han ikkje har gjeve løyve om skyting på sætra, stemmer nok heilt sikkert. Men så har ein heller ikkje spurt om løyve, sidan dette ikkje er nødvendig. Hadde det vore det, så hadde dette sjølvsagt blitt gjort før ein vurderte eigedomen på Holstøylen til nemnde formål. Nærmaste offentlege veg, turløype etc. ligg for langt unna skytefeltet til at lydnivået i seg sjølv skal vere grunnlag til klage. Skulle det befinne seg folk på dei ikringliggande hyttene som ein ikkje har vore klar over, eller om folk bevegar seg inn på området som ligg i støysona etter skyting er innleia, så kan i aller høgste grad kompromiss gjerast. Å innskrenke eller fjerne retten til skyting på vår eiga utmark på andre grunnlag enn støy, ser eg på som svært usannsynleg. Representantar frå Eid lensmannskontor er til ei kvar tid velkomne for å inspisere skytefeltet, og dermed gjere seg opp sine eigne meiningar om tryggleiken ut i frå observasjonar i området.

Folk i Noreg har i all seinare tid funne seg i den eine innskrenkinga etter den andre av retten til skyting og jaktutføring, og det går ikkje år eingong før nye rundskriv frå POD legg grunnlaget for nye, og tidvis håplause lovforslag. Ein er så sanneleg ikkje kriminell fordi ein likar skyting, våpen og jakt, slik som mange kan få det til å høyrast ut som. Skal det bli heilt slutt på all skyting på Holstøylen, må det først fattast eit vedtak som forbyr dette i heile kommuna. Vil de ta det så langt, så ver så god.

Ein liten kommentar til slutt, konstruksjon av falske bevis mot utføring av sikker skyting på Holstøylen vil ikkje bli tolerert, og politianmeldt i framtida. Håpar vedkomande dette gjeld tar dette inn over seg, og i framtida spelar etter reglane.


Lukke til med jakta, og god skyting!


Ole Thomas Humborstad
Tlf. 95752586
Epost: ohum@broadpark.no


(Sist oppdatert 15.september 2009, 12:19)

Gå til nyhendearkiv