Kjølsdalen krins

Nyhende

Stige vil heim

Av Ole R Bugjerde
Stige

STÅLSTIGE VIL HEIM.
Ein stålstige har i lang tid hatt opphald ved skulen i bygda. Den er noko tilårskomen, er prega av å ha vore nytta til målingsarbeid, men er elles i god stand. Korleis han har kome seg til skulen, er ukjent. Då han vart oppdaga, stod han og stødde seg til klatresiloen. No lakker det mot vinter, og vi har ikkje husrom til han. No er han lenka til veggen på vestsida av skulen. Sjekk om du er eigaren. Om så, ta kontakt med skulen, og stigen skal bli sett fri.
Helsing rektor.

(Sist oppdatert 18.september 2009, 20:26)

Gå til nyhendearkiv