Kjølsdalen krins

Nyhende

Eid kommune får kritikk frå fiskeridirektoratet

EID KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - REGULERINGSPLAN FOR
LEFDALSVIKA - GODKJENNING - UTTALE
Syner til e-post av 17.12.2009 frå Eid kommune ved Gerd Fløde Bjørlo om reguleringsplan
for Lefdalsvika.
Fiskeridirektoratet Region Vest har bestemt seg for å trekke motsegna mot kommunen på
grunn av den forventa konflikten akvakultur i Lefdalsvika vil ha for mogeleg framtidig bruk
av gruvehallane. Den store motstanden mot akvakulturområdet i bygda og omsynet til
kommunen sitt sjølvstyre kjem også inn som viktige moment for ikkje å oppretthalde
motsegna.
Når dette er sagt vil Fiskeridirektoratet Region Vest påpeike at vi tykkj er denne prosessen har
vore særs uryddig. Når ein kommuneplan blir vedtatt i kommunestyret må ein forvente at den
er eit resultat av ein grundig prosess og at ein kan innrette seg etter den slik som Norsk Marin
AS har gjort. Det er derfor uheldig at kommunen ombestem seg og endrar arealbruken like
etter vedtak og som i dette tilfellet, tar ut akvakulturområdet. Ved ein god
kommuneplanprosess skulle motstanden mot dette området ha kome fram under arbeidet med
kommuneplanen slik at ein ikkje hadde kome opp i ein slik situasjon. Som ein konsekvens av
at dette ikkje skjedde og at kommunen har ombestemt seg, har ein for Lefdalsvika fått ein
planprosess som er uoversiktlig og vanskeleg for utanforståande å innrette seg etter. Vi vil
sterkt oppmode kommunen om å unngå slike situasjonar i framtida.
Med he sing
Hans Haddal J il
regiondirektør iz114U I272cuot/
tngdrid Bjørkevåll
rådgjevar

(Sist oppdatert 26.januar 2010, 10:19)

Gå til nyhendearkiv