Kjølsdalen krins

Nyhende

Tomtar i Kjølsdalen til salgs

Av Jan Eide
Unik sjanse til fine tomtar.

Gilleshammer

Prisinformasjon:

Prisantydning kr. 300.000

Fakta om tomtane:
Grunneigar har teke initiativ og har fått regulert eit mindre tomteområde. Opparbeiding av veg – og VA-anlegg er planlagt sett i gang våren 2010, og dei første tomtane vil vere byggjeklare sommaren 2010.
Tomteområdet vil bli organisert som eit sameige.

Fasilitetar:
• Bilveg fram
• Offentleg vann
• Privat kloakkanlegg
• Utsikt
• Leikeareal / leikeplass på området.
• Gangavstand til barneskule, forretning og kyrke.
• Gangavstand til sjø
• Turterreng

Beliggenheit:
Byggjeklare sjølveigartomtar i fredelege omgivingar klare for sal på Gilleshammer i Kjølsdalen. Det vert framlagd vatn, avløp og straum. Tomtane vil få lett tilkomst og ei svak skråning som gir ei fin utsikt ned mot Eidsfjorden. Matbutikk, skule, kyrke og busshaldeplass i nærleiken.
Her er kort veg til det mest, og du er omslutta av vakker natur som ligg og ventar på
å bli teken i bruk. Stikkorda er fjord, fjell, daler, elvar og vatn i ei herleg blanding.


Vekker denne litle presentasjonen interesse, kan vidare opplysningar hentast ut
hos Jan Eide, mobiltelefon 913 53 295 (etter 20.04) eller Svein Johnsen 95798657

Velkommen til Kjølsdalen.

(Sist oppdatert 12.april 2010, 07:44)

Gå til nyhendearkiv