Kjølsdalen krins

Nyhende

Rune Bruvoll opprinneleg frå Kjølsdalen konfirmerar byråkratar og bondenæringa

Av Fjordabladet
Rune Bruvoll og byråkratar © Fjordabladet
Rune Bruvoll er ein fritt-talande bonde, opprinneleg frå Kjølsdalen. I Fjordabladet i dag kan de ma lese dette ( bilete og tekst er teke frå websida til Fjordabladet): Rune Bruvoll «bannar i bondekyrkja» og etterlyser konkurranse på meierisida også her på Nordvestlandet. Han ønskjer private aktørar hjarteleg velkomne.
– Det trengst eit regimeskifte i heile bondestanden. Vi må ta andre grep, seier Bruvoll. Han meiner Tine treng meir konkurranse. Etter å ha vore mangeårig leverandør til Nortura, har Stårheimsbonden no gått over til å levere til private Nordfjord Kjøtt i Loen.




På kjøtsida har ein til ein viss grad konkurranse, men bondeeigde Nortura har 70 prosent av marknaden.



– Vi må våge å tenkje nytt og ta nokre sjansar. Det er det som gjer livet spennande. Eg kunne godt ha tenkt meg å levere til Synnøve Finden eller Q-meieriet, seier Bruvoll som årleg leverer sju tonn kjøt og 108.000 liter mjølk.



I avisa laurdag kan du og lese kva Rune Bruvoll seier om bondesutring.


– Folk er dritleie av å høyre på gremjinga frå bøndene kvar einaste vår. No må vi våge å tenkje nytt, seier Bruvoll som vil det byråkratiske papirmøllejordbruket til livs.



Les alt i laurdagsavisa.

(Sist oppdatert 15.mai 2010, 22:02)

Gå til nyhendearkiv