Kjølsdalen krins

Nyhende

Jonsokbasaren samla mykje folk i samfunnshuset i går 13.06

Av Jan Eide.
Ein fullsett sal var med på Bygdekvinnelaget sin jonsokbasar. Som vanleg var rømegrauten av ypperste merke med saft, kefir, sukker,kanel og spekemør til. Loddasal og tombola gjekk unna. Frå scena fekk ein konsert av Kjølsdalen skulemusikk. Hovudinnslaget var ei urframføring av eit musikkstykke etter ein bruramarsj av Johan Kjøllesdal. Denne vart spela når grauten vart boren inn av fagre damer i Bygdekvinnelaget. Festen vart styrt av leiaren i laget: Dianne Eikås. Ho kunne overlevere ein sjekk til skulemusikken til bruk på turen dei skal ha til Danmark. På grunn av kluss med fotoapparatet nyttar ein her eit gamalt arkivbilete frå feitetysdag 05.02.08 for å vise Kjølsdalen sin tradisjon som rømegrautprodusent - alltid på topp.

Feitetysdag 05.02.08

Rundt bordet frå venstre: Rune Bruvoll, Harald Eikås, Kjell Årdal, Steinar Bugjerde og John Tøm-merstøl.

(Sist oppdatert 14.juni 2010, 06:04)

Gå til nyhendearkiv