Kjølsdalen krins

Nyhende

Fjernundervisning - landbruksdep spreier feil informasjon

Av Jan Eide
Fjernundervisning
På nettsidene tilLandbruks og matderpartementet kan ein lese FYLGJANDE Trykk og les.
Saka er heilt annleis. Våren 1991 arrangerte Måløy vg. skule eit kurs i landbruksrekneskap, vesentleg for kvinner. 20 personar var med og alle greidde kurset. Gulrota var at dei som greidde dette, fekk maskin (TIKI) + skrivar + modem til odel og eige. Lærar var Kåre Sundal frå Kjølsdalen som arbeidde ved Eid vg. Seinare kom Mo jordbruksskule og Langvin med. Brit Lundby hadde husdyrlære og Egil Loftesnes vart prosjektleiar i eit samarbeid med Akershus fylke. Det kan nemnast at ideen til rekneskapskurset kom frå Elin Leikanger i bil frå Kjølsdalen til Måløy saman med kasserar Reidar Johnsen og underteikna.
Ei av kvinnene som var med på kurset og greidde det, var frå Kjølsdalen krins.
Jan Eide

(Sist oppdatert 10.juli 2010, 08:44)

Gå til nyhendearkiv