Kjølsdalen krins

Nyhende

Mange frå krinsen såg Liv Ullmann i teaterstykket i Operaen i går kveld

Av Jan Eide
Langgdags..
Flust av Kjølsdalingar var med Liv Ullmann og dei 4 andre aktørane i teaterstykket: Lang dags ferd mot natt i går kveld. Stykket er skreve av Eugene O'Neill i 1941. Stykket handlar om alkolisme og narkotikarus og er like altuelt no som då. Problem i familien er ikkje mindre i dag enn i 30-40 åra. Mange hadde sikkert møtt fram for å oppleve Liv Ullmann og vart ikkje skuffa. Ein fullsett sal og eit ståande publikum hylla skodespelarane då stykkejet tok slutt etter vel 3 timar. Det er bra vi støttar opp om slike framsyningar som Risteateret reiser rundt med. De kan lese meir på RIKSTEATRET si webside. Der kan du og registrere deg og du vil få tilsendt tilbod og nyhendebrev.

(Sist oppdatert 19.september 2010, 11:41)

Gå til nyhendearkiv