Kjølsdalen krins

Nyhende

Røvarhola ved Kjølsdalen

Av Fylkesleksikon
Fruhellaren er ei hole i fjellet mellom Kjølsdalen og Ervik.
her skal Fredrik Ervik ha gøymt seg etter at han vart dømd til døden for å ha "besovet" tremenningen Jertrud Jupegjerda. Slikt vart rekna for blodskam i dei dagar. Men Fredrik greidde å rømme frå lensmannskjellaren på Davik og gøymde seg i Fruhellaren. Seinare vart dommen omgjort til bortvising.
Bilde frå Ervik - Kjølsdalen
Er det nokon som veit akkurat kor denne hola ligg? Kanskje vi burde bruke meir av det historiske for å profilere krinsen? Nokon som kan hjelpe? Biletet er teke av Margun Ervik.
Er det nokon som veit noko om desse to personane - år - kva dei kom frå?

(Sist oppdatert 12.desember 2010, 08:48)

Gå til nyhendearkiv