Kjølsdalen krins

Nyhende

Russerevyen på Eid får fin omtale

Fleire frå krinsen var med i russerevyen :Luksusfella. Nesten 2 fullsette hus var med på russen sine sprell i Operaen på Nordfjordeid. Fjordenes Tidene har positiv omtale i dagens avis:
Russerevy2011
Les meir frå FJT ved å trykke på overskrifta og kjøp FJT for å få med deg alle bileta.
Eidarussen imponerte
med sin eigenproduserte
russerevy. Med
sjarm og sprell drog
dei to nesten fulle
operahus i helga.

av
Hildegunn Løken Holtan
hildegunn.loken@fjt.no
telefon 959 71 558


Eidarussen hadde blitt inspirert
av TV3-programmet Luksusfellen
i arbeidet med å setje opp
årets revy. Og ikkje uventa var
det duka for ein lokal vri på
dette tv-konseptet då russen
inntok scena i Operahuset
Nordfjord i helga: To år etter
nyopninga var Eid vidaregåande
skule på konkursens rand etter
eit overforbruk som sjølv
røynde økonomar ikkje hadde
sett maken til.
Elevane sitt prosjekt var å vise
korleis skulen hadde hamna i
dette uføret, før dei presenterte
ulike løysingar som kunne få
skuleøkonomien på rett kjøl
igjen. Resultatet blei ein ellevill
russerevy som inneheldt kornsirklar
i Hennebygda, moteshow,
parodiar, dans på rollerblades,
glitter, glamour og mykje
anna.
Talent
Nokre av elevane viste at dei
har eit betydeleg komisk talent.
Malin Bjørhovde og Aksel Stave
Ervik var på mange måtar
verd inngangsbilletten aleine.
Malin imponerte med ein treffsikker
parodi på den vimsete
programleiaren Else Kåss Furuseth,
medan Aksel var kosteleg
i sine mange og varierte roller.
Stadværingen tok mellom
anna stylistfenomenet Jan Thomas
på kornet, og då han og
Tora Halland forsvann inn i rollene
som to galne, gamle damer
slo latterdøra seg opp på vid
vegg.
– Han er ein tusenkunstnar,
var karakteristikken som ein av
tilskodarane gav om Aksel Stave
Ervik sin innsats på scena.
Publikum viste også tydeleg
at dei sette pris på Dan Jøran
Hafsås si tolking av rolla som
operasjef Geir Holmen. Og
jamt over var det dyktige elevar
som stod på scena. Dei kunne
tekstane sine godt, var flinke
med timinga og gav alt i rollene
sine.
Publikumsrespons
Russen hadde sjølv skrudd opp
forventingane ettersom dei omtala
årets revy som «eit spektakulært
show» på førehand. Og
at elevane lukkast godt i å halde
på interessa til publikum gjennom
det vel to timar lange programmet
er heilt sikkert.
Om ein skal pirke på noko så
kunne kanskje revykomitéen ha
spent den raude tråden gjennom
framsyninga endå litt strammare.
Og eit par av innslaga kunne
nok også ha vore sløyfa utan at
det hadde gjort noko. Men alt i
alt framstod Luksusfella som ei
frisk og frimodig framsyning
som strutta av energi og overskot.
Publikum gav også langvarig
og ståande applaus som
respons på revyen, før rektor
Ove Bjørlo tok ordet og takka
russen for det dei hadde levert.
– Og for dei som måtte lure,
så er økonomien på rett veg,
humra rektoren, før han delte ut
ei raud rose til tekstforfattarane
Hanne K. Haraldsen, Aksel Stave
Ervik, Tora Halland og Malin
Bjørhovde.
■ ■ Russerevyen Luksusfella
gjekk både fredag og laurdag i
Operahuset Nordfjord. Fjordenes
Tidende var tilstades på den
første framsyninga.
Rocka lærarar: Lærar og Malakoff-sjef Arnt Ivar Naustdal (Em
peset) fekk dei andre lærarane med på ein svingom. Bak f
Hjelle i rolla som Gislaug Heinum, Aksel Stave Ervik i rolla som
ter-Bjørg og Hanne K. Haraldsen i rolla som rektor Ove Bjørlo.
Fekk skryt: Rektor Ove Bjørlo takka for opplevinga og delte ut roser til (f.v.) Tora
Halland, Malin Bjørhovde, Aksel Stave Ervik og Hanne K. Haraldsen i revykomitéen.
På tur: Jan Thomas (f.v.) tok
med seg rektor Ove Bjørlo, Mats
Andersson og Else Kåss Furuseth
(bak) til Førde på handletur.
Sjarmerande og ellev
Dramatikk:
Allereie i opningsnummeret var
det mykje glitter og mykje drama
til tonane frå Bohemian
Rhapsody.

(Sist oppdatert 17.januar 2011, 07:49)

Gå til nyhendearkiv