Kjølsdalen krins

Nyhende

Korkafe

Av O. R. Bugjerde
Stårheim songlag
Korkafé

Søndag 23. januar kl.15.30 arrangerer vi i Stårheim Songlag korkafé i den nyoppussa salen i ungdomshuset Fram på Stårheim.
Under leiing av den særs inspirerande og dyktige dirigenten vår, Olga Pavlova, underheld vi med variert korsang. Publikum får høyre variert korsong på fire språk; norsk, svensk, engelsk og russisk. Sidan det er ”berre” ein månad sidan jul, er det også tre julesongar på repertoaret. I mange av konsertnummera får koret tonefølgje av trioen Tastamnentet, der tre trivelege karar trakterer trekkspel, gitar og kontrabass. Saman med Olga sitt lystelege fiolin- og pianospel, og koret sine førtitals strupar, ligg det godt til rette for skikkeleg trøkk og stemning i konserten.
I tillegg til å nyte songen og musikken, får publikum høve til å nyte god mat, og det vert godt, ”gamaldags” åresal.
Vi skal gjere vårt beste til at dei som møter fram får ein triveleg søndags ettermiddag.

Stårheim Songlag

(Sist oppdatert 20.januar 2011, 07:10)

Gå til nyhendearkiv