Kjølsdalen krins

Nyhende

Kvinnedagen 8. mars er over

Av Jan Eide
8 mars
Kvinnedagen er over. I Eid kommune vart ikkje dagen organisert på nokon spesiell måte. Likevel kan ein lese i aviser og på NRK at behovet for ein slik dag er til stades. På link til OM KVINNE SOM VILLE HA 100% STILLING kan ein lese om Mette Rysjedal frå Fjaler som ikkje godtok 80% stilling og at ordførar Arve Hjelle fekk seg ein vekkar. Til det siste er det berre å sei: Velkomen etter. Han er sikkert ikkje den einaste ordføraren i S&F som bevisst undertrykkjer kvinnene i kampen om likestilling og lik løn.
I Eid kommune er det truleg også kvinner som ynskjer full stilling og ikkje får det. Med det nye regelverket for framtidig pensjon er dette ei trist oppleving for dei som vil sikre seg skikkeleg pensjon når dei har nådd aldersgrensa. Alle arbeidsår skal telje med i størrelsen på pensjonen.

(Sist oppdatert 09.mars 2011, 05:49)

Gå til nyhendearkiv