Kjølsdalen krins

Nyhende

Det går framover i det private byggjefeltet i Kjølsdalen

Av Jan Eide
No er avkøyrsla frå kommunevegen til byggefeltet på veg til å bli ferdig. Snart vil ein starte på den fyrste tomten. Varsel om bygging er sendt ut. Samstundes varslar ein om frådeling av tomtane og deretter tinglysing. Det er tomtar ledige. Ein lurer på kor stor interessa er for vertikaltdelt tomannsbolig. Burde passe for pensjonistar som vil flytte heim eller for folk i etableringsfasen som ikkje vil satse alt for høgt. Utsikta er det ikkje noko å sei på. Kort veg til skule, kyrkje, sjø og buss-stopp. Ein når dei fleste arbeidsplassområde innover/utover og nordover på kort tid.
Gilleshavkøyrsle

(Sist oppdatert 16.april 2011, 11:31)

Gå til nyhendearkiv