Kjølsdalen krins

Nyhende

Ledige tomtar på Gilleshammer

Av Jan Eide
I Kjølsdalen er det ledige tomtar til salgs. Av 8 tomtar er 4 førebels tinga. Arbeidet med infrastruktur er i gang. Trykk på overskrifta for å få med meir.
Salgsprospekt
Prisinformasjon:

Prisantydning frå kr. 300.000

Fakta om tomtane:
Grunneigar har teke initiativ og har fått regulert eit mindre tomteområde saman med Svein Johnsen. Opparbeiding av veg – og VA-anlegg er planlagt er sett i gang våren 2011. Dei første tomtane vil vere byggjeklare sommaren 2011. Vegen skal vere ferdig innan 1 juli. Ein arbeider no med å få på plass kostnadar i å få flytta alle straumførande leidningar ma. høgspentlina (SFE)
Tomteområdet vil bli organisert som eit sameige.

Fasilitetar:
• Bilveg fram
• Offentleg vatn
• Privat kloakkanlegg
• Utsikt
• Leikeareal / leikeplass på området.
• Gangavstand til barneskule, kyrkje og busslomme.
• Gangavstand til sjø
• Turterreng

Beliggenheit:
Byggjeklare sjølveigartomtar i fredelege omgivingar klare for sal på Gilleshammer i Kjølsdalen. Det vert framlagd vatn, avløp og straum. Tomtane vil få lett tilkomst og ei svak skråning som gir ei fin utsikt ned mot Eidsfjorden. Skule, kyrkje og busshaldeplass i nærleiken.
Her er kort veg til det meste, og du er omslutta av vakker natur som ligg og ventar på
å bli teken i bruk. Stikkorda er fjord, fjell, dalar, elvar og vatn i ei herleg blanding. På B1 ligg det gamle Emilhuset. På F1 ligg løa som blir fellesareal.
Tomtekart


TOMTEKART

Vekker denne vesle presentasjonen interesse, kan vidare opplysningar hentast ut
hos Jan Eide, mobiltelefon 913 53 295

Velkomen til Kjølsdalen.

(Sist oppdatert 20.april 2011, 18:38)

Gå til nyhendearkiv