Kjølsdalen krins

Nyhende

Søkjer kandidater til prosjektgruppe

Av R.G
Strategisk utviklingsplan for Kjølsdalen krins - KKUL sitt styre søkjer kandidater til prosjektgruppe

KKULs styre har drøfta behov for å utarbeide ei strategisk utviklingsplan for Kjølsdalen krins. Den aktuelle skulesaka gjer at utviklingslaget har bestemt å sette i gang dette arbeidet så snart som mogleg. Styret har bestemt at planarbeidet skal organiserast som eit eige prosjekt. På møtet i starten av november vurderte styret om arbeidet kan iverksettast utan at ein må søkje om midlar frå eksterne kjelder. Den økonomisk situasjon gjer at laget har nokre midlar til disposisjon. I tillegg kan laget søkje tilleggsfinansiering om det trengs. Ei prosjektgruppe bør etablerast så snart som råd. Styret vil be denne gruppa utarbeide eit forslag til ramme og budsjett for utviklingsplanarbeidet. Styret sin representant i prosjektgruppa blir Trond Martin Gilleshammer. Han skal fungere som bindeledd mellom styret og prosjektgruppe. Representantane i KKUL sitt styre skal bidra med å finne kompetente kandidatar til prosjektgruppa. Styret vil at alle bygdelaga i krinsen må vere representert. Ta kontakt med nokon i styret om du har nokre gode navneforslag. Styret håpar å ha prosjektgruppe på plass før jul.



Vennlig hilsen

Helga

(Sist oppdatert 30.november 2011, 08:29)

Gå til nyhendearkiv