Kjølsdalen krins

Nyhende

Invitasjon til stifting av Kjølsdalen Privatskule SA.

Stiftingsmøte vert i Kjølsdalen Samfunnshus onsdag 7.mars 2012 kl.20.00. Sjå innkalling på andre sida av dette arket.
Underteikna personar vil med dette invitere alle personar, lag og organisasjonar i Kjølsdalen Krins til å vere med og stifte Kjølsdalen Privatskule SA.

Vi viser til det arbeidet som har vore gjort av FAU Kjølsdalen skule med å sjå på alternativ skule i krinsen slik dei fekk i oppdrag frå foreldremøte. Dei har hatt folkemøte, informasjon i Tavla og spørjeskjema med spørsmål om ein burde sende inn søknad innan fristen 1.april 2012 for godkjenning av privatskule parallelt med den politiske prosessen som på går.

Oppslutnaden på spørjeskjema var overveldande og vel 300 personar over 16år svarte, over 80 prosent var for, litt under 10% var mot og litt under 10% veit ikkje. Styret i FAU Kjølsdalen skule ser seg ferdige med oppdraget dei fekk frå foreldremøte om å sjå på alternativ skule i krinsen, så dei avsluttar sitt arbeid her. FAU vil arbeide vidare med den politiske prosessen som på går og vil kome med innspel til Planprogrammet som er ute til høyring.

For å få sendt inn søknad så må vi har eit registret selskap og eit minimumsbeløp på kr.30.000,- som må stå på sperra konto i søknadsperioden som er 12 månader. Difor har vi valt å stifte eit samvirke Kjølsdalen Privatskule SA. Vi håpar her er mange personar, lag og organisasjonar som ønskjer å kunne vere medlem/andelseigar i Kjølsdalen Privatskule SA. I tillegg trengs det engasjerte personar i styret så vi håpar her er personar som ønskjer å vere med i styret eller har forslag til medlemmar i styret.
Har ikkje Du muligheit å møte så kan Du gje fullmakt til ein som Du kjenner eller til ein av dei underteikna.

Vi har valt å legge alle dokument til stiftinga som invitasjon. innkalling, stiftings- dokument, fullmaktskjema på vår heimside www.kjolsdalenprivatskule.no slik at alle kan laste dei ned der. Alternativt kan Du ta kontakt med underteikna på ove@eidelektro.no eller mobil 911 39572 for å få dei tilsendt.
For dei som ønskjer meir informasjon om samvirke så gå inn på www.samvirke.org eller direkte http://www.samvirke.org/Portals/4/Handbok_Endeligutgave_270509.pdf

Med helsing Kjølsdalen Privatskule SA
Ove Kjøllesdal Heidi Berstad Synnøve Humborstad

(Sist oppdatert 27.februar 2012, 01:32)

Gå til nyhendearkiv