Kjølsdalen krins

Nyhende

Musikalsk festdag i Kjølsdalen.

Trompet © R.G KJØLSDALEN SKULEMUSIKK ER 40 ÅR VI INVITERER TIL MUSIKALSK FESTDAG – LAURDAG 30. JUNI I SAMFUNNSHUSET

Kl 16.00 - FESTKONSERT med kakebuffet Konfransier: Terje Gilleshammer Dagens korps spelar i lag med Odd Erik Lothe. her blir og ein bolk der Odd Erik spelar åleine. JUBILEUMSUTSTILLING med bilder, uniformer, instrument, m.m.

Kl 19.00 - “VENTE-PUB” i gamlekjellaren (18 års aldersgrense)

Kl 22.00 - DANS til levande musikk (15 års aldersgrense)


Arrangementet er ope for alle, både tidlegare musikanter og alle andre som har lyst.

Det er påmelding på dansen som byrjar kl 22.
På dansen er det trubadur Bjarne Lunde, som spelar gode gamle svisker.

Påmelding til dansen via Facebooksida “Kjølsdalen skulemusikk 40 år”, eller til Ann Magritt (99495543) Meld deg på og bli med på ein kjekk ettermiddag i lag med andre tidlegare og noverande musikantar!

Så ynskjer vi alle velkomne til en triveleg kveld!
Helsing komiteen for 40 års jubileet

(Sist oppdatert 18.juni 2012, 21:27)

Gå til nyhendearkiv