Kjølsdalen krins

Nyhende

KKUL møtereferat

KKUL - Kjølsdalen Krins Utviklingslag.

Styremøte 25. juni 2012, kl. 2000 – 2130 på Samfunnshuset

Desse møtte: Stig Arne Bugjerde, Ove Kjøllesdal, Cato Albrigtsen, Øystein Leite, Jorunn Breiteig, Kristian Aardal, Helga Odden Reksnes (ref.)

Referat 1. Godkjenning innkalling

Vedtak

Innkalling godkjent.

2. Godkjenning av referat frå 300412

Vedtak:

Referat er godkjent

3. Lefdal Gruve – orientering v/Mats Andersson

Mats Andersson orienterte om status i utviklingsarbeidet rundt Lefdal Gruve. Korleis utvekle og bygge er spørsmål som står i fokus nå. Det vert jobba seriøst i marknaden og med finansieringsløysningar. Moglege synergiar for lokalsamfunnet vart drøfta. Utvikle regionen og skape arbeidsplasser er viktig. KKUL vil bli oppdatert om utviklinga framover tidleg på hausten.

Vedtak:

Styret tek orientering til etterretning.

4. Skulesaka

Styret drøfta korleis KKUL skal ta saka vidare. Kjøllesdal orienterte om kva som skjer i dei andre fora. Viktig å spille saman.

Vedtak:

KKUL vil kome med ei uttale. Denne vert synkronisert med andre uttale frå krinsen. Øystein Leite, Ove Kjøllesdal og Helga Odden Reksnes lager eit utkast på vegne av KKUL til neste styremøte. Medlemmane vert invitert til å kome med innspel gjennom Tavla. KKUL vurderer behov for bygdemøte i august og tek initiativ i samråd med andre. Uttale vil bli sendt til medlemmane før den vert sendt til kommunen.

5. Verving av medlemmar – bevis for medlemsskap?

Bugjerde har fått oversikt over medlemmar. 40 betalte medlemmar i 2012.

Vedtak:

Styret vil kome med ei påminning i Tavla. Viss noen er i tvil om dei er medlemmar kan dei kontakte leiar i styret.

6. Kopimaskin på bygdekontoret

Service er ved ei mistyding fakturert skulen.

Vedtak

Styret v/leiar tar kontakt med skulen og syter for at faktura for service blir belasta KKUL.

7. Vegane i Kjølsdalen – oppfølging etter synfaring v/Teknisk styre 2011

Styret meiner at tida er inne for å ta kontakt med kommunen og følgje opp synfaringa i 2011. KKUl har fått mange innspel frå innbyggjarane.

Vedtak

Styret tek kontakt med kommunen og ber om at utbetring av vegane i krinsen vert prioritert. I samband med synfaringa i 2011 blei det laga ei prioritert liste.

8. Kjølsdalen inviterer – open dag med fokus på nye bustadfelt

Det er viktig å profilere Kjølsdalen. Utviklingslaget vil sjå dette i samanheng med ein bygdedag hausten 2012.

Vedtak:

KKUL tek initiativ til ein open bygdedag i Kjølsdalen i september/oktober i samarbeid med lag og organisasjonar i bygda. Då vil det vere naturleg å synleggjere tomter i tillegg til andre positive sider ved bygda. Stig Arne Bugjerde, Kristian Aardal og Cato Albrigtsen er styre sine representantar. Dei tek initiativ overfor dei andre laga for å få danna ein planleggingskomité så snart som mogleg.

9. Eventuelt

Ingen saker.

(Sist oppdatert 25.juli 2012, 23:21)

Gå til nyhendearkiv