Kjølsdalen krins

Nyhende

Idemyldringsmøte


Vi i KKUL har stor interesse av å være med på å utvikle krinsen og ønsker med det å:

- være med å legge til rette for busetnad, næringsliv og vekst
- vise dei gode sidene med oppvekst og det å bu i krinsen
- vise det mangfald av aktivitetar innan lag/organisasjonar krinsen har
- vise alle moglegheiter for naturopplevingar, friluftsliv, jakt og fiske
- vise andre goder vår krins har å by på

På grunnlag av dette har vi lyst å arrangere ein “bygdedag” saman med andre lag og organisasjonar i krinsen.
Tanken er å profilere bygdene, mogelegheitene for rekreasjon/friluftsaktivitetar, samt å presentere ledige hus, hytter og tomter knytt til krinsen.
Målsetninga er å stimulere tilflytting og aktivitet i krinsen.

Det vi har sett føre oss er eit romjulstreff der ein har eit arrangement som kan femne om dette.
For å få til noko slikt, og for å sikre at alle bygdene er representerte, vil vi invitere til eit idèmyldringsmøte 14. Oktober klokka 20.00 på Bygdekontoret i Kjølsdalen.

Håpar at nokre representantar frå kvart lag kan møte, slik at vi kan få til ein god dialog og planleggje dagen.
Om nokon har tips og idèar, men ikkje mogelegheit til å møte på møtet, kan dei sende det på epost til
albrigt@gmail.com, eller stig.arne.bugjerde@enivest.net

Mvh
Styret i KKUL

(Sist oppdatert 08.oktober 2012, 12:36)

Gå til nyhendearkiv