Kjølsdalen krins

Nyhende

KKUL styremøte referat.


Møte © Møte
Trykk inn på saka for å lese referatet.
KKUL - Kjølsdalen Krins Utviklingslag.
Styremøte 21. januar 2013, kl. 2000 – 2200 på Bygdekontoret


Til stades:
Øystein Leite, Cato Albrigtsen, Ove Kjøllesdal, Stig Arne Bugjerde, Helga Odden Reksnes (ref)

1. Gang/Sykkelveg Nedre byggefelt
Øystein orienterar. Eid kommune seier at dei ikkje har noko med saka i gjere. Statens vegvesen er rette vedkommande i følgje kommunen.

Vedtak
Øystein følgjer opp saka.

2. Busskur Kjølsdalen
Stig Arne orienterar. Statens vegvesen har starta sakshandsaming.

Vedtak
Stig Arne følgjer opp saka.

3. Nettside
Ove orienterar. Dagen din og InMedia har kvar sin plattformløysing. Avtalene vert gjennomgått for å optimalisere teknisk løysing.

Vedtak
Kristian følgjer opp saka saman med ekstern ressurs, Runar Gilleshammer.

4. Evaluering Bygdedag
Opplegg og innhald vart drøfta. Bra oppmøte. Gode bidrag frå mange i bygda. Ca. 80 personar deltok. Opplegget bør gjentas neste år.

Vedtak
Styret meiner at bygdedag bør arrangerast kvart år, gjerne i samband med andre arrangement. Tidspunkt og innhald bør drøftast med lag og organisasjonar i bygda.

5. Årsmøte
Stig Arne orienterer. Foreslår at årsmøte vert lagt til måndag 11. februar.

Vedtak
Årsmøtet vert arrangert 11. februar, kl. 2000.
Stig Arne syter for kunngjering på nettsida og i Tavla.
Helga lager utkast til årsmelding.
Stig Arne kontaktar Kjell Sundal ad rekneskap.
Styremøte vert halden i forkant av årsmøte. 11.2, kl. 19.

6. Eventuelt
a. Skulesaka.
Ove orienterte om status. Kjølsdalen Privatskule SA ynskjer å overta skulen så snart som mogleg. Det er planlagd barnehage i bibliotek-/bygdekontordelen. Lokal til skulebibliotek må utgreiast. Utviklingslaget vil få disponere andre lokal i skulebygget. Saka kjem opp som prinsippsak i Formannsskapet torsdag 24.1.2013 7. Ove følgjer saka og hold KKUL oppdatert.

Vedtak
KKUL tek orientering til etterretning.

(Sist oppdatert 25.januar 2013, 18:10)

Gå til nyhendearkiv