Kjølsdalen krins

Nyhende

Årsmelding KKUL 2012

Årsmelding for 2012.

Styret 2012 har hatt følgjande samansetting:

Leiar: Stig Arne Bugjerde (Kjølsdalen) vara: Sigrun Gilleshammer
Nestleiar: Wenche Stadheim (Haus/Ervik) vara: Jorunn Breiteig
Ove Kjøllesdal (Kjølsdalen) vara: Øystein Leite
Helga Odden Reksnes (Reksnes/Lund/Årdal/Tømmerstøl) vara: Kristian Aardal
Cato Albrigtsen (Lefdal/Midthjell) vara: Ståle Lefdal

• Det er halde 7 styremøte. Referat er lagt ut på www.kjolsdalenkrins.no.
• KKUL har engasjert seg aktivt i «skulesaka». KKUL har arrangerte bygdemøte og utarbeidd høyringssvar til Eid kommune om «Kommunedelplan for samanslåing av skulekrinsane Stårheim og Kjølsdalen». Laget var med å stifte Kjølsdalen privatskule AS og kjøpte aksjer for kr. 5.000,-. KKUL har også deltatt i ulike politiske møter om skulesaka i løpet av hausten.
• Laget arrangerte «Kjølsdalen inviterer» på Samfunnshuset 5. juledag. Det var bra oppmøte og gode bidrag frå mange i bygda. Det var fokus på skule, lag og organisasjonar, nytt byggefelt, marknadsføring av tomter. Ca. 80 personar deltok.
• KKUL har følgt utviklinga kring Lefdal Gruve. I juni vart styret orientert om status. Moglege synergiar for lokalsamfunnet vart drøfta. Utvikle regionen og skape arbeidsplasser er viktig. KKUL ynskjer å vere pådrivar i dette arbeidet.
• KKUL har engasjert seg i fleire saker knytt til veg og trafikktryggleik. Styret har tatt kontakt med kommunen og bedt dei følgje opp synfaringa som Teknisk utval hadde i 2011. Det har i 2012 mellom anna vore styreaktivitet knytt til gangveg i nedre byggefelt i Kjølsdalen og busskur retning vest i Kjølsdalen, avkjørsle til Årdal og busstopp på Reksnes.
• Kjølsdalen krins næringsnettverk, KKNN blei starta for ca. 10 år sidan. Nettverket som er ein del av KKUL består av enkeltpersonar som deler erfaring kring næringsutvikling, gjerne gründerar. Kompetansemidlar og lån er tilgjengeleg. KKNN ynskjer nye medlemmar, gjerne unge vaksne og KKUL har drøfta framtida til KKNN og ser gjerne at det kjem nye, unge medlemmar inn i nettverket
• KKUL har bidrege til fortsatt drift av biblioteket og støtte drifta med inntil kr. 5.000,- til abonnement og innkjøp av nye bøker i 2012.
• I samband med markering plateutgivinga til Odd Erik Lothe løyvde KKUL gåve til Lothe på kr. 1000,-.
• KKUL sitt engasjement i skulesaka har resultert i at nokre saker har fått mindre merksemd enn planlagd. Dette gjeld mellom anna oppgradering og vidareutvikling av nettstaden www.kjolsdalenkrins.no


Kjølsdalen 11. februar 2013

Stig Arne Bugjerde, leiar.

(Sist oppdatert 14.februar 2013, 20:34)

Gå til nyhendearkiv