Kjølsdalen krins

Nyhende

Høyringsmøte for Nordfjord om skulebruksplanen for vidergåande skule

Tysdag 19. mars skal Fylkesrådmannen ha regionalt høyringsmøte for Nordfjord om Skulebruksplanen for vidaregåande skule.

Møtet finn stad på Eid vgs kl 18-20. Sjå invitasjon her Invitasjon om Skulebruksplanen

Det er viktig at flest mogleg nyttar høvet til å stille opp og få informasjon om saka, og syne kor viktig den vidaregåande skulen er for heile lokalsamfunnet vårt. Hugs at ingenting er avgjort i saka – ingen skular er «freda» eller «redda» om nokon skulle tru det. Vi veit til og med at det blir drive lobby-arbeid for å flytte linjer over frå Eid vidaregåande skule til andre skular i Nordfjord, heilt på sida av alle modellar som no er sendt ut på høyring.

På høyringsmøtet i Dale i går møtte det imponerande 300 stk – i ein region som er berre ein tredjedel så stor som Nordfjord, i ei vertskommune som er langt mindre enn Eid.

(Sist oppdatert 15.mars 2013, 14:54)

Gå til nyhendearkiv