Kjølsdalen krins

Nyhende

Kultur = næring

Olga og Trine © Jan Eide
Interessa for konferansen på Nordfjord Hotell var stor. Ein fullsett sal fekk med seg mykje entusiasme 15 okt under leiing av Utviklingssjef Dag Henning Reksnes. Sparebanken Vest bidrog med 250 000 på sjekk. Siren Sundland frå Visjon Vest, direktør Elisabeth Bjørn - Hansen, Kari Standal Pavelich og Eli Førde Årskog heldt innlegg med fart og kunnskap. Bra at ein har slike damer med "guts". Halvor Flatland frå Innovasjon Norge applauderte då rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande meinte ein kunne selje grunderprodukt til heile verda. Ordførar Sonja Edvardsen opna seansen og tok elles truleg del i møte med nærings og kulturkommiteen som var på vitjing på hotellet same dag. Utruleg at dei ikkje var inn om seminaret for å presentere seg når dei fyrst var på hotellet. Det kunstneriske tok Olga Pavlova, piano, og Trine Øyen seg av. Trine med ein snutt av Carmen som skal opp på "nyeoperaen" neste haust. Alle fekk blomster og signert plakat som takk. Frå Kjølsdalen Krins kunne ein sjå Ove Kjøllesdal, Geir Lefdal ,Jan Eide og sjølvsagt sjefen Dag Henning Reksnes


(Sist oppdatert 16.oktober 2008, 06:45)

Gå til nyhendearkiv