Kjølsdalen krins

Nyhende

Årets julepresang for alle Eidarar?

oppturbok for Eid
Eg fekk i går vere med på møte der ein arbeidde med turboka for Eid. Eit historisk prosjekt. Mykje arbeid er lagt ned i ei svært fin turbok for Eid kommune. Med flyfoto kan ein sitje heime i stova og plukke ut turen neste dag. I alt 73 turar er med i boka. Tekst om turen er på Norsk og Engelsk. Vanskegrad på turen er merka med støvlar. Krinsen er representert med 9 turar. Boka går i trykken i neste veke slik at rundt nov/des-skiftet skulle boka vere i salg. Dei som ikkje veit kva dei skal gje i julegåve i år har her eit lett val. Merking av stiane blir sett i gang ut på vårparten.
Jan Eide

(Sist oppdatert 30.oktober 2008, 13:54)

Gå til nyhendearkiv