Kjølsdalen krins

Nyhende

Går det mot nedlegging av Kjølsdalen skule?

opera
Kanskje alt bør samlast i storstova? Kultur = næring. Men er det nok for at vi i utkantane skal overleve?

No må de bruke det vesle vi har til rådvelde: møte opp og vise at de støttar skulen vår og bygda vår.

På søndag kl 2000 er det klart for Bygdemøte på Kjølsdalen skule, vi har invitert Ordførar, Rådmann, Skulesjef og leiar i Oppvekst og Kultur styret. Dei har alle sagt at dei vil kome for å høyre kva vi har å seie. No er det viktig at folk møter mannsterke opp og ytrer meiningane sine, denne kampen må vi ikkje tape.

I forkant av møtet skal alle leiarar og nestleiarar i FAU ved barneskulane i Eid ha eit møte på Kjølsdalen skule der vi samla vil kome med ein uttale før OK møte onsdag 26 nov

Kva med Facebook-gruppa? Kva gjer de? Alle har høve til å sende eit skriv til ordføraren. E-postadressa finn de på kommunen si side. Handling må til om de meinar noko med å styre framtida.

(Sist oppdatert 20.november 2008, 20:09)

Gå til nyhendearkiv