Kjølsdalen krins

Nyhende

Ungdomen si kulturmønstring 2009

Klovn © Fjordabladet
....På Fjordabladet si nettside kan vi lese om og sjå bilete av dei som har delteke på dette. Ein fantastisk gjeng! Vi legg merke til at minst to av deltakarane har eller har hatt tilknytning til Kjølsdalen. På Nordbø har familien Gedvilas budd ei god stund - i kårhuset hos Jan Eide. Dei bur no på Haugen.
I denne familien er det to born. Ugne og Benas. Modellen over er laga av Ugne og etter det vi kan lese i Fjordabladet har Benas gjort det bra med film og utstilling og går vidare. Vi ynskjer lukke til med vidare karriere.

(Sist oppdatert 15.februar 2009, 07:26)

Gå til nyhendearkiv