Kjølsdalen krins

Nyhende

Websida startar opp med meir nytt

Av Jan Eide

Etter mykje press blir pauseknappen teken bort. Det blir no lagt inn nyhende etter kvart som slikt dukkar opp. Det er ca 3000 - 4000 som kvar veke er innom web-sida vår. Spesielt folk som bur utan om krisnen og i utlandet set pris på nokre "smådrypp" frå heimlege trakter.

Dersom de vil vite meir om drifta av sida, trykk på overskrifta.
Som leiar i KKUL for 2009 er det lagt eit "visst" press for å få sida opp og gå igjen. Det har sikkert som dei fleste har fått med seg vore ein del oppstyr rundt dette med å få ut stoff om krinsen. Sjølve problemet rundt "pauseknappen" er ikkje løyst, men eg vonar det kan bli ei ordning på det og.

Så litt til drifta:

Tenesta er kjøpt av selskapet Dagendin.no. Det er utviklingslaget som betaler for drifta. Tilbod om å bruke sida er gått ut til alle lag og organisasjonar i krinsen mot at dei er medlem i laget. Medlemskontingent er kr 100.- pr år. Ikkje alle som brukar sida er i dag medlem. Kven som har tilgang til sida frå kvart lag blir no sjekka opp og presentert for alle. Dette for å vise kven som skriv kva.

Enkeltpersonar kan levere stoff til det lag dei ynskjer eller til underteikna som så legg det ut. Det er ingen ting i vegen for at medlemar av laget kan få eige passord og kan legge ut sjølv. Det skal vere høgde under taket for meiningar som blir lagt ut, og dei skal ikkje sensurerast. Kvar enkelt for stå for det som blir skreve og det skal ikkje vere anonymt.

Sida er populær, det viser alle tilbakemeldingar via e-post på. Tidlegare har målet vore å ha ute noko nytt kvar dag. Vi vil prøve på det vidare, men då må vi dra saman fleire. Dersom det er eit lag som legg ut info, blir dette merkt på innlegget nederst. Slik at om det er noko på Nyhende og det står KKUL under er det utviklingslaget som har lagt det ut. Står det ingen ting, er det dei som har tilgang til Kjølsdalen krins som legg det ut. Det er og høve til å knyte opp link til Bygdeutvikling.no slik at fleire kan få kjennskap til det som går føre seg.

Det er mange digitalkamera rundt om i krinsen, i Noreg og Utlandet elles. Bruk det og send eit tips til websida vår.

(Sist oppdatert 28.mars 2009, 07:49)

Gå til nyhendearkiv