Kjølsdalen krins

Nyhende

Breiband gjev mogelegheiter

Av Jan Eide
Nettradio No når heile krinsen har fått breiband kan ein kanskje kome med nokre tips på korleis bruke dette saman med andre ting. Kanskje du likar å høyre lokalen om morgonen samstundes som du les avisene på nettet?
Ved å trykkje på overskrifta får du ei løysing på korleis du kan gjere det.
Du går inn på sida vår Gå ned på der det står linkar til venstre. Ved å trykke her får du opp ein del linkar som feks. NRK sogn og fjordane. Trykk på denne og du får opp web-sida til NRK. Blås opp sida ved å trykke på firkant øverst. PÅ lina øvst oppe står det NRK Nettradio. Trykk på denne og du får opp eit bilde der du kan velge ulike stasjonar f. eks NRK S&F. Etter ei lita stund får du inn radioen og du kan surfe vidare på nettet. Veldig greit for folk som er på reise eller bur i eit anna fylke og likar å høyre nytt frå sitt eige fylke.

Lukke til. Har du tips om andre måtar å nytte breiband på - dult meg som ein seier på fjesboka (facebook) på nynorsk.

(Sist oppdatert 30.mars 2009, 10:08)

Gå til nyhendearkiv