Kjølsdalen krins

Nyhende

CO2 fangst og Olivingruvene på Lefdal

Av Jan Eide
CO2-fangst
Dei fleste har fått med seg at gruvene på Lefdal skal stengjast - førebels for 5 år. Tidlegare har desse gruvene vore omtala i avisene som ein mogeleg plass for deponering av CO2-gass. Miljøkrise og global oppvarming er eit stadig tema i media. Noko er sant, andre påstandar rein løgn. Kva blir det til med arbeidet vidare om olivin og CO2? Per Engene som er biolog og stiftar av organisasjonen Klimarealistene, seier at vi ikkje har hatt global oppvarming på 75 år. Les artikkelen som stod i Sunnmørsposten 23 april sjølv HER
eller trykk på overskrifta.
Ingen global oppvarming på 75 år

Blir det varmare? Det blir stadig hevda at det skjer ei global oppvarming pga. utslepp av CO2. Men gjer det, det? For å få til global oppvarming må temperaturen bli høgare. Temperaturen har gått opp 0,6 grader C etter 1880. Men korleis er det dei siste 70-80 åra? På www.rimfrost.no kan me finne ut at det varmaste året målt i Oslo etter 1880 var 1934, med 1998 som det nest varmaste året. James Hansen heldt lenge på at 1998 var det varmaste året, men måtte for eit par år sidan vedgå at 1934 hadde vore litt varmare. Heile stigninga på 0,6 grader etter 1880 kom derfor fram til 1934. Etter 1930-åra har temperaturen variert, men ikkje hatt nokon stigning.

Det er mykje informasjon å hente i boka "KLIMAET. Vitskap og politikk" som refererer frå Lars Silen: "Global uppwärming, olika synvinklar på problemet", sjå www.kolumbus.fi/larsil/warming.html, der det er publisert meir enn 20 kurver frå 30 meteorologiske målestasjonar kring heile nordkalotten. Alle desse kurvene viser at temperaturen steig frå 1880-åra til 1930-åra, men mest kraftig i 20 år frå 1915-34. Etter rekordåret 1934 har temperaturen variert, først ned 0,3 grader til 1976, og deretter opp like mykje til 1998. Dei siste 10 åra har temperaturen gått nedover att, mest dei siste tre åra, sjå www. climate4you.com.
Det varmaste tiåret på den nordlege halvkula var 1930-åra, og det nest varmaste var 1990-åra. Temperaturane er målte av meteorologiske stasjonar som ligg i landlege strøk kring heile nordkalotten, Sibir, Russland, Finland, Skandinavia, Svalbard, Island, Grønland og Japan. Målingane viser at etter 1930-åra har det ikkje vore nokon oppvarming på jorda, endå om CO2-mengda har vore stigande, mest etter 1940. Ei slik global oppvarming skulle ha vore sterkast i arktiske strøk etter det FNs klimapanel IPCC hevdar, men når det ikkje har vore nokon oppvarming her, er det bevis for at IPCC tek feil.
Den reelle temperaturkurva frå 1940-2009 er nærmast flat med små variasjonar under eller over ein middeltemperatur. Politikarar ved IPCC og deira medløparar bruker i staden kurver som stig bratt oppover etter 1940, kvar dei no får sine data frå, enten det er frå ubrukelege klimamodellar, eller omrekna måledata for å få kurvene til å stemme med den forvanska hockeykølla. Det blir stadig stilt spørsmål ved kvifor IPCC leverer feilinformasjon, for dei som publiserer slike data, er nøydde til å vita at dei må vera feil. IPCC har i tjue år skremt folk med at utslepp av CO2 fører til sterk global oppvarming. Dersom CO2-målingane er rette, stig CO2-mengda stadig i lufta, men temperaturen har vore stabil i 75 år. Det same har drivhuseffekten, målt av NASA sidan 1979. Men det viktigaste er at ei temperaturstigning på eit par grader er det beste som kunne skje jorda vår.
Dei siste 75 åra er det ikkje påvist nokon global oppvarming eller klimakrise pga. utslepp av CO2, men miljøkrisa blir berre verre fordi fokuset blir overført på ei innbilt klimakrise. Då er det for gale at staten på 13 år har brukt 40.000 mill. kr på deponering av CO2 på Sleipnerfeltet, og at det skal brukast nye 50.000 mill. kr til reinseanlegg for CO2, sjølve livsgassen på jorda som er så gunstig for alt som veks og gror, og dermed for miljøet.

Per Engene

(Sist oppdatert 16.mai 2009, 06:35)

Gå til nyhendearkiv