Kjølsdalen krins

Nyhende

Miniseminar i kinoen på Eid.

Av Jan Eide
Erling Sande © Jan Eide
Erling Sande til venstre saman med nestor Hans Haus som står på for sine og andre sine saker.
Fredag skipa senterpartiet i Eid til seminar på Operaen på Eid vg. Erling Sande og Kari Pavelich var innleiarar og snakka om korleis ein kunne møte politikarar for å få til næring i ein kommune. Lobbyverksemd var eit tema. Kjølsdalen krins var kanskje mest representert i debatten etterpå der Hans Haus gjorde ein god figur med sine innspel om flyplass og sikringsoner rundt denne med tanke på kraftlina som skal gjennom området. Hans Petter Gilleshammer fortalde litt om kvifor politikarane har lagt seg på lina med å bruke dyrkbar jord til industriområde. Jan Eide ville vite kvifor ein ikkje utnyttar dei ressursar ein alt har ivistert i: Videokonferransestudio som alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord har fått pengar til. Kommunikasjon er eit stikkord.

(Sist oppdatert 31.mai 2009, 20:59)

Gå til nyhendearkiv