Kjølsdalen krins

Nyhende

Bøndene vil ikkje plante granskog

Byråkrtar manglar fantasi når det gjeld miljø

Av Jan Eide
granskog

På S&F sine nettsider kan vi lese om Lauvstad sitt siste utspel på miljøsida. Det er utruleg kva byråkratar brukar tida på. Les sjølv debatten som vart utløyst på web-sida deira: Planting eller ikkje Eller denne: planting2
Frå NRK S&F:

Det meiner bønder som ikkje vil fylgje staten sitt råd om å plante meir gran for å binde opp Co2.


- Hol i hovudet
Fylkesmannen si landbruksavdeling meiner at det kan plantast mellom 2 til 300.000 mål med gran, noko som vil bremse global oppvarming.

Men gardbrukar Jan Eide frå Kjølsdalen i Eid meiner forslaget er hol i hovudet. - Det kan ikkje vere meininga at vi no skal byrje å plante endå meire gran og tre her i fylket. Vi gror jo nesten igjen her.

Får tilskot i dag for å hindre attgroing



Forslaget frå regjeringa om at bøndene skal plante meir granskog for å berge jorda frå global oppvarming møter hovudrysting frå oppgitte bønder.

I dag får dei tilskot for å hindre attgroing av lauvskog og meiner det då vert håplaust at ein skal dekke fjellsidene i fylket med bartre.

Men styresmaktene meiner dette vil vere god klimapolitikk. Gran binde opp meir Co2 enn andre treslag.

Seniorrådgjevar Hans Lauvstad hjå fylkesmannen meiner det kan plantast fleire hundre tusen mål med gran her i fylket.

Øydelegg naturen i fylket
Ein av bøndene som ikkje vil plante gran er Johannes Juklestad frå Jølster, han meiner grana er skjemmande og øydelegg naturen i fylket. - Eg meinar det er noko stort tull. Det er jo ikkje leveleg verken for folk eller fe der granskogen er.

Ikkje prioritert sak for bondelaget

Per Hilleren, fylkesleiar i bondelaget

Foto: Torje Bjellaas/NRKHeller ikkje leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren vil gå på barrikadane for meir grantre i Sogn og Fjordane. - Nei, dette er ikkje noko hovudprioritet frå bondelaget i Sogn og Fjordane si side. Me ser vel heller det at me har ei stor utfordring på det som går på attgroing av areal hjå oss, seier Hilleren.


- Klimadebatten har tatt heilt overhand
I Kjølsdalen meiner sauebonde Jan Eide at det får vere måte på til klimadebatt. - Det er no ikkje vi her i Sogn og Fjordane som skal berge denne klimagreia. Eg syns det tar heilt overhand

(Sist oppdatert 12.juni 2009, 07:25)

Gå til nyhendearkiv