Kjølsdalen krins

Nyhende

Hans Haus er gått bort

Av Jan Eide
Hans Haus
19 juni døde Hans Haus 83 år gamal. Ein aktiv pensjonist er borte. Hans tenkte alltid nytt og ville gjerne ha fleire med seg. I det siste var ny flyplass i Nordfjord hans hjertebarn.
Hans var den fyrste som starta opp med direkte rute Nordfjord - Oslo og retur med ein av folkevognbussane sine over gamle Strynefjellsvegen. Han dreiv handel, post og butikk saman med kona si Aslaug. Hans var politikar for Høgre og brukte mykje av si tid på dette arbeidet. Som drosjesåfør fekk han stor kontaktflate som han nytta. Han var ein god sjåfør og alltid hyggeleg å ha med å gjere. Stod du fast var han der med hjelp. Vi vil hugsa han for alle turane både til sjukehus og på fest i ulike bygder. Ein kjernekar er borte, men minna vil leve. Hans blir gravlagd i morgon torsdag - fred over hans minne.

(Sist oppdatert 24.juni 2009, 07:19)

Gå til nyhendearkiv