Kjølsdalen krins

Nyhende

KURS som kan vere OK å vere med på

Av Jan Eide
Ølbrygging

For dei som får bladet Vestland har dei også fått med eit kurshefte som vi etterkvart skal sakse frå. Det gjeld ulike kurs arrangert av Forsøksringen, Sogn jordbruksskule og Mo jordbruksskule.

Det er snart jul og då var det før i tida ein tradisjon å bryggje øl. Det har tidlegare vore arrangert eit slikt kurs i krinsen. Det vart halde i Ervik hos Lien/Bruland. Tilskipar var Friundervisninga(?) v/Jon Tollås som var oppteken av kultur og tradisjon. I heftet ser ein at Sogn Jord - og Hagebruksskule arrangerer eit kurs 4-6 feb 2010. pris 2600.- Men dette er lenge etter jul. Kanskje vi bør friske oppatt litt om tradisjonen her i krinsen? Dersom nok interesserte melder seg - skal vi (KKUL) sjå på saka. Her er nokre linkar for dei som vil orientere seg.
Humle

På biletet ser de blomsten Humle som blir brukt for å setje smak på ølet.
LAGAR ØLET SJØLV

BRYGGING1
Ølbrygging 2

(Sist oppdatert 06.september 2009, 08:03)

Gå til nyhendearkiv