Kjølsdalen krins

Nyhende

Ver du eit bål

Dikt av Haldis moren Vesås

Haldis Moren vesås
Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!

Frå Tung tids tale, 1945

Fleire dikt av Haldis Moren Vesaas finn du HER
Tolking av diktet les du HER

(Sist oppdatert 13.desember 2009, 09:18)

Gå til nyhendearkiv