Kjølsdalen krins

Nyhende

Gladmelding til krinsen

Kjølsdalen kyrkje
Kristen Hundeide kan meddele oss som bur i krinsen at det er funne pengar til reperasjon av kyrkja som ettekvart rotnar på rot.
Trykk på overskrifta for å få resten av brevet frå Kristen.
Heisann!
Tenkte det høvde å sende ei lita julehelsing.

Dei siste vekene før kommunestyremøtet har vi jobba hardt for å få auka investeringsrammene til kyrkjesektoren. For meg var det viktig i alle fall å få så store rammer at vi kan starte arbeidet med renovering av kyrkja i Kjølsdalen - og vite at vi kan gjere det ferdig. Dette er det prosjektet som både kyrkjeverje og fellesråd har prioritert først, deretter kjem kortaket i Eid kyrkje.

Som du kanskje har sett i avisene klarte vi å få gjennomslag for dette - og fekk auka rammene våre med 1 mill.
Dette betyr at finansiering av renoveringsarbeidet på Kjølsdalen kyrkje er på plass!
Rett over nyttår tek vi til på planleggingsarbeidet, utarbeiding av anbodsgrunnlag, m.m.
(vi har også "krangla til oss" så pass spelerom at vi byrjar prosessen med kortaket i Eid)

Tenkte dette kunne vere ei høveleg julegåve til deg som er sterkt engasjert i utviklinga i Kjølsdalen!

(Sist oppdatert 23.desember 2009, 15:47)

Gå til nyhendearkiv