Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Om oss

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vedtekter:

§ 1: Formål.
Kjølsdalen Krins Utviklingslag er eit fellesorgan for dei næringsdrivande, organisasjoner og lokalbefolkninga, som har interesse knytta til lokalsamfunnet innan laget sitt geografiske virkeområde ( frå og med Lund til og med Lefdal). Kjølsdalen Krins Utviklingslag skal gjennom samling og koordinering av krefter og interesser arbeide for ei sunn utvikling av lokalsamfunnet, samt framheve lokalbefolkninga si rolle og verdi andsynes samfunn og styresmakter.

§ 2: Virkeområde.
1. Opptre som lokalsamfunnet sin felles interesseorganisasjon og talerøyr
2. Vere rådgjevande organ.
3. Arbeide kontinuerlig for å påverke lokale styresmakter med tilrettelegging av lokalsamfunnet sine interesser.
4. Drive opplysningsarbeid med særleg vekt på å auke forståing og aksept for laget si rolle og verdi i lokalsamfunnet.
5. Stimulere til auka næringsutvikling i virkeområdet.
§ 3. Styret
Styret bør ha 5 medlemer og 5 personlige varamedlemer. Styret er vedtaksført når minst 3 av styremedlemane er til stades. Kvart av bygdelaga Lefdal/Midthjell, Haus/Ervik, Kjølsdalen og Reksnes, skal minst ha ein representant kvar. Ved likt stemmetal i styret, har leiaren dobbelstemme. Styret bør vere representert med begge kjønn. Møtereferat og vedtak skal offentleggjerast.
§ 4. Årsmøtet.
Årsmøtet er utviklingslaget sitt høgste organ, og skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Årsmøtet skal innkallast med minst 1 mnd. varsel. Innkallinga vert kunngjort i det presseorgan som styret finn høveleg. Framlegg til årsmøtet kan fremjast av alle i bygdene, og må vere styret i hende seinast 3 veker før årsmøtet. Seinast 1 veke før årsmøtet skal styret send ut framlegg til sakliste, innkomne framlegg med innstilling, samt øvrige årsmøtedokument. Årsmeldinga vert utdelt på årsmøtet. Det skal skrivast årsmøteprotokoll.
§ 5. Mynde og oppgåver til årsmøtet.
1. Årsmøteopning av leiar
2. Konstituering - val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteprotokoll.
3. Godkjenning av innkalling og sakliste.
4. Årsmelding.
5. Årsrekneskap.
6. Val av leiar for 1 år.
7. Val av 4 styremedlemer for 2 år, der 2 går ut kvart år. Styret konstituerer seg sjølv, og vel nestleiar, kasserar og sekretær.
8. Val av valnemd på 3 medlemer for 3 år, der ein går ut kvart år.
9. Val av 2 revisorar for 2 år, der ein går ut kvart år.
10. Innkomne saker.
11. Fastsetting av medlemskontingent.

§ 6. Stemmegjeving.
A) Alle vedtak og val i utviklingslaget sine organ skal avgjerast med alminneleg fleirtal. Alle personar, lag og næringsdrivande som har betalt medlemskontingent innan 2 mnd før årsmøtet har stemmerett. Dersom ingen ved val oppnår alminneleg fleirtal ved første avstemming, skal det haldast omval mellom dei to som har oppnådd flest stemmer. Ved likt stemmetal skal valet avgjerast ved loddtreking.
B) Kontingenten er frå 2010 heva frå kr 100.- til 150.-

§ 7. Teieplikt
Den som i sitt arbeid for Kjølsdalen Krins Utvklingslag får innsyn i saker som krev konfidensiell behandlinga, pliktar å teie om dette.
§ 8. Vedtaksendringar.
Endringar av vedtektene kan vedtakast på ordinært årsmøte, og då med minst 2/3 av stemmene.
§ 9. Oppløysing.
Oppløysing av utviklingslaget må vedtakast på to ordinære årsmøter med minst 2/3 av dei frammøtte stemmeføre. Årsmøtet fordeler eit evt. økonomisk overskot.


Medlemskontingent
Referat frå styremøte 17.09.2007
Referat frå styremøte 16.12.2007
Referat frå styremøte 13.02.2008
referat frå styremøte 21.04.2008
Referat frå styremøte 18.09.2008
referat frå styremøte 11.01.2009
Referat frå styremøte 22.02.2009
Årsmelding 2007
Brev til Eid kommune 06/04-2008
Referat frå styremøte 27.03.2009
Støtte til Reksnes Barnehage
Referat frå styremøte 02.04.2009
Referat frå styremøte 17.02.2010
Årsmelding 2010
Årsmøteref 2010
Referat styremøte 30.01.2011
Referat styremøte 21.02.2011
Referat styremøte 15.04.2011
Referat styremøte 28.04.2011
Referat styremøte 26.08.2011
Referat styremøte 27.10.2011
Referat styremøte 04.11.2011
Referat styremøte 13.02.2012
Referat styremøte 30.01.2011
Årsmøteprotokoll 2011
Årsmelding 2011
Styremøte referat 26.03.12
Styremøte 21 januar 2013
Årsmøte Protokoll 2013
-----------------------------------------------------------------------------------

Styret 2011:

Lefdal/Midthjell: Cato Albrigtsen som fast representant for 2 år.
Ståle Lefdal som personleg vara for 2 år.
Haus/Ervik: Wenche Starheim som fast representant for 2 år.
Jorunn Breiteig som personleg vara for 2 år.
Kjølsdalen: Jan Snild Johansen som fast representant for 2 år.
Sigrun Gilleshammer som personleg vara for 2 år.
Amund Sundal med Øystein Leite som vara – ikkje på val.
Reksnes/Lund/Årdal/
Tømmerstøl Helga Odden Reksnes med Odd Grov som vara – ikkje på val.
---------------------------------------------------------------------------------------


Kjølsdalen Krins Utviklingslag
6776 KJØLSDALEN