Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Om oss

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

HISTORIA TIL TREKLØVERET 4H










4H-klubben i Kjølsdalen vart starta i 1958, og fekk namnet Trekløveret 4H. Dette namnet har ei symbolsk tyding. Før den nye barneskulen vart teken i bruk i 1969, var der barneskular i Kjølsdalen, på Haus og ein på Reksnes. Trekløveret skulle stå for desse tre skulekrinsane som gjekk saman om ein felles 4H-klubb.

Problemet som Trekløveret 4H hadde i starten, var at dei ikkje hadde noko møtelokale. Difor vart møta arrangerte etter tur rundt om i heimane til medlemmane. Avslutningane, eller haustfestane vart då haldne i skulehuset i Kjølsdalen, og seinare blei også dette huset eit logisk møtelokale for 4H-klubben.

Det som har vore hovuddrivkrafta bak 4H-klubben, er alle dei dyktige foreldra og andre hjelparar som har ofra timevis med arbeid for å få 4H-arbeidet i hamn føre haustfesten kvart år.




PLAKETTMOTTAKARAR OG ANDRE VIKTIGE HENDINGAR I TREKLØVERET 4H SI HISTORIE!

1958 Trekløveret 4H vert skipa. Jens Vonheim var klubbleiar og Marit Tømmerstøl vart vald til formann i klubben.

1959 Andre året med Trekløveret 4H i drift. Marit Tømmerstøl held fram som formann, og Jens Vonheim er klubbleiar.

1961 Kjell Aardal kjem inn som ny klubbleiar, og Henny Endresen er formann i klubben.
Bjørgulv Mykland vart fylkesmeister i Hagebruk for senior.

1962 Åshild Vingelven vart vald til ny formann. Henny Endresen vart fylkesmeister i Heimyrke for senior.

1963 Gunnar Mykland tek over som klubbleiar for Trekløveret 4H. Bjørgulv Mykland fekk plaketten som den fyrste i klubben.

1964 Gunnar Mykland fortsett som klubbleiar, men Anne Sofie Gilleshammer vert ny formann.
Henny Endresen vart fylkesmeister i Heimyrke for senior og Sissel Endresen vart fylkesmeister i Heimyrke for junior.

1965 Karstein Humborstad tek over vervet som klubbleiar. Sissel Endresen vart fylkesmeister i Heimyrket for junior.
Henny Endresen får plaketten.

1967 Rolf Sundal vart vald til ny formann i klubben. Karstein Humborstad held fram som klubbleiar.
Sølvmedalje sendt Karstein Humborstad 03.02.1967.

1968 Karstein Humborstad held fram som klubbleiar og Rolf Sundal er formann, han får same året plaketten.
Sissel Endresen vart fylkesmeister i Husstell for senior.

1969 Karstein Humborstad held fram som klubbleiar. Klubben har no berre 3 medlemar, dette er vel noko av grunnen til at klubben ikkje hadde noko styre dette året.
Steinar Bugjerde og Sissel Endresen får plaketten.

1973 Arbeidet i klubben starta opp igjen 29. mars etter 3 års pause. Dette gjorde at man kom seint i gong med arbeidet , og folk fekk ikkje fullført nokon oppgåver. Rolf Sundal var klubbleiar, og Johannes Hatlegjerde vart vald til formann. Klubben hadde dette året 45 medlemmar. Aktivitetane til klubben dette året var får, men klubben var på skogdag i Kjølsdalen der Martin Hjelle fortalde om skogen ditt liv.

1974 Kjell Aardal tek over som klubbleiar. Anna Grethe Aardal vert ny formann i klubben som hadde 33 medlemmar i alt. Dette året var klubben svært aktiv, og foreldra til 4H-arane og Rugsund 4H vart bedne til fest i Kjølsdalen Skule i april. I august dette året byrja det som til no har vorte årviss tradisjon, nemleg overnattingsturen til Svartevartnet.

1975 Kjell Aardal held fram som klubbleiar, medan Oddrun Telvik tek over som formann i klubben. I april var klubben på busstur til "Kjerringa" som er eit fjell på Stadlandet. Også dette året var klubben på fjelltur til Svartevatnet.
Dette er første året Trekløveret 4H arrangerer fjelltrimmen, då med bøker på Blåfjellet, Kvanndalseggja og Dua.

1976 Kjell Aardal held ennå fram som klubbleiar og Dianne Jorunn Eikås vart vald til ny formann i klubben. Klubben har dette året 34 medlemmar. I mars heldt 4H-klubben ein skidag for medlemmane. Klubben baud foreldre og pensjonistar i bygda inn til fest. Den årlege tradisjonen med fjelltur til Svartevatnet vert også gjennomført.
Skulemusikken underheldt på haustfesten.

1977 Kjell Aardal held ut, og Geir Sundal vart vald som ny formann i klubben. Klubben investerer den 6. januar i ein aksje i Kjølsdalen Samfunnshus. Denne betalte dei 200 kroner for som støtte til bygginga av huset.
I mai vart det halde 5-års jubileum etter gjenoppstartinga av klubben. Dette vart feira ved å be inn alle "gamle" 4H-arar til eit festmøte. 4H arrangerte fjelltrimkonkurranse, og det vart registrert 299 namn i bøkene. 4H arrangerte også ein todagarstur til Svartevatnet i september. Heile klubben reiste i november på teater på Nordfjordeid. Klubben kjøpte også ein "hybelkomfyr" (750 kr) til bruk på gruppemøte for matstelloppgåver.
På vinterstid vart det arrangert ein skitur til Navestøylen.

1978 Kjell Aardal held på sjefsposisjonen medan Dina Gilleshammer tek over som formann. Klubben hadde dette året 35 medlemmar der 11 var aspirantar, 16 juniorar og 8 seniorar. Det vart også dette året lagt ut bøker til fjelltrimmen.
Nokre av medlemmane reiste på leir i Innvik i skifte juni/juli. I juli vart det også arrangert ein havfisketur utanfor Vågsøy og Stadt. I tillegg til alt dette vart Trekløveret 4H kåra til Årets klubb i Nordfjord - slå den!

1979 Kjell Aardal held fram som klubbleiar og Svein Sundal tek over formannsvervet. Klubben hadde då 33 medlemmar, av dei var 10 juniorar, 12 seniorar og resten aspirantar. Dianne Eikaas var den fyrste som hadde fullført sitt løp gjennom 4H-programmet etter at klubben vart nystarta i 1973, og ho fekk fortent utdelt plaketten.

1980 Astrid Gilleshammer tok på seg å vere klubbleiar, og Bjørn Aardal vart leiar. Besøk av IFYE frå USA hjå Jenny og Kjell Aardal. IFYE er eit utvekslingsprogram mellom 4H og Young Farmers organisasjonar over heile verda. Alle som har fått plaketten kan søkje om å få reise ut som IFYE for tre eller 6 månader. Dette er eit godt høve til å lære språk, og å få kunnskap og erfaringar om kultur og tradisjonar på ein heilt annan måte enn som turist. Grunnane til dette er at ein bur hjå vertsfamiliar på den staden ein reiser til.

1981 Bjørn Aardal vart vald til formann for eit nytt år.
Dette året tok Trekløveret 4H seg av dei svake i samfunnet. Klubben hadde den 15. juni Nordfjordheimen til middag og underhaldning på Kjølsdalen skule i høve Funksjonshemma sitt år. Under festen for dei funksjonshemma spelte hornmusikken, det vart halde busstur rundt om i bygda og det vart òg tid til ein tur i kyrkja. Dette året vart det òg kjøpt inn volleyballar og nett til bruk i gymnastikksalen på skulen. Elles vart det arrangert ein fjelltur til Staurdalseggja og ein basar til inntekt for musikkinstrument (piano og orgel) i Samfunnshuset.
Ole Telvik og Dina Gilleshammer får plaketten.

1982 Dette 4H-året var Trekløveret som vanleg svært aktive, og arrangerte blant anna ein musikkveld til inntekt for musikkinstrument i Kjølsdalen Samfunnshus, ein skidag frå Dalsetra til Navestøylen som forresten hadde flott vêr. Klubben deltok på Barnas Dag i idrettshallen, her representert hjå dei yngste i klubben. Dessutan arrangerte klubben eit støylsmøte på Dalsetra og ein koseleg fjelltur til Svartevatnet. Til slutt var klubben med på ein innsamlingsaksjon til inntekt for Libanon.
Rune Vonheim, Hans Petter Gilleshammer, Anita Eikås, Svein Sundal og Bjørn Aardal får plaketten.

1984 Janne Sundal, Kristin Nilsen og May Britt Kjøllesdal får plaketten.

1985 Plakett til Ulf Magne Eikås og Kari Sundal.

1986 Trekløveret 4H arrangerte den 27. - 29. juni distriktsleir på Kjølsdalssetra ved Sandvade. Det var rekordpåmelding til leiren, heile 90 deltakarar. Eit tal som vil bli hugsa lenge. Desse deltakarane var både lokale deltakarar og deltakarar frå Eid, Vågsøy, Selje og Bremanger.
Klubben arrangerte i tillegg ein skidag med reiserute frå Vegenden til Navestøylen + ein fjelldag på Levdalssetra. Også ein miljødag vart arrangert av 4H, nemleg ein ryddedag ved Reksnes grendahus. Else Tømmerstøl var med på 4H utveksling (IFYE, sjå 1980) til USA.
Plakett til Ottar Tømmerstøl.

1987 Plakett til Ragnar Johnsen, Inger Lill Kjøllesdal, Ingrid Sundal og Turid Sundal.

1988 I april vart det feira med brask og brann at klubben hadde 30-års jubileum. I høve dette jubileet og plakettfestivalen (feiring av deis om var ferdige i 1987), vart det skrive ein prolog som eg har fått tak i. Ta ein kikk på den i arbeidsheftet, han er skriven av M. Løseth.
Plakett til Alf Kåre Lefdal, Svein J. Nilssen og Else Tømmerstøl.

1989 Trekløveret 4H arrangerte plastinnsamling som gjekk av staben 23. mai. Dette var eit høve der bygdefolk kunne kvitte seg med alt mogeleg slags plast som elles ville blitt brent. Dette er ei stadfesting på at 4H tek miljøspørsmåla på alvor.
Jan Ole Eikås, Kristin Lefdal, Bente Helen Rundereim og Åse Helen Sundal tok i mot plaketten.

1990 Plakett til Karl Jonny Tømmerstøl, Janne Kristin Aardal, Odd Erik Lothe og Solgunn Humborstad.

1991 Plakett til Katrin Sundal.

1992 Det vart arrangert 4H distriktsleir på marka nedanfor Dianne, som vi seier nord ved saga. Under gjennomføringa av denne leiren var det eit flott vêr med omlag 15 deltakarar som såg ut til å kose seg.

1993 Plakett til Erene Nina Tømmerstøl.

1994 Kim Tore Gilleshammer og Jon Ove Bugjerde fekk sin fortjente plakett.

1995 På grunn av at klubben hadde stram økonomi, og at fleire ville reise på Nordisk 4H-leir i Danmark, sette dei eldste i klubben seg ned å diskuterte korleis ein kunne få inn pengar. Desse møta enda opp i eit sketsjhefte med gode gjengangarar som vi ville prøve å selje til andre 4H-klubbar for 100,- /stk. Mange klubbar var interesserte i dette. Terje Gilleshammer og Susanne Drageset reiste på Nordisk 4H-leir i Danmark den 23. - 29. juli 1995.
Therese Kristin Sundal, Siv Anett Leite, Anne Lise Hageland, Hilde Bugjerde og Jarle Johnsen fekk plaketten som synleg prov på at dei har gjennomført sine år i klubben.

1996 Dette var eit svært aktivt år for Trekløveret, så klubben slo på stortromma og arrangerte klubbtreff allereie den 15. mars. Til dette klubbtreffet var alle klubbane i kommunen inviterte, og oppmøtet var overraskande bra. Dette året tok Trekløveret igjen på seg å arrangere distriktsleiren i Eid. Grunnen til dette, var at denne klubben som eigentleg skulle arrangere leiren, måtte melde pass. Leiren stod på frå den 4. - 6. august. Dette var ei passande høve for nokre av seniorane i klubben til å få prøve seg på ei ny oppgåve. Derfor bestemte tre av seniorane seg føre at dette skulle dei i samarbeid med klubbleiar og andre dyktige støttespelarar klare å gjennomføre. Leiren vart flott gjennomført og deltakarane såg ut til å trivast bra (spesielt dei som ikkje ville sove om natta, men måtte stå opp tidleg neste morgon). Aspirantane i klubben sette opp vettespelet "Vettene vinner", og framførte dette fleire gongar, på ein Eidatorsdag, på Kulturmønstringa, Eida-dagane og som ei avslutning på haustfesten.
Klubben var også representert på Landsleiren som dette året vart arrangert på Sjøholt frå 27. juli - 3. august.
Terje og Susanne var der, og kunne melde om skikkelege "grisevêr" på leiren. Etterpå viste dei lysbilde for alle medlemmane på eit medlemsmøte. Den årvisse overnattingsturen til Svartevatnet vert også i år gjennomført, denne gong med betre overnattingsmogelegheiter i hytte, for dei som føretrekk det. Bjørn hadde fått ferdig hytta si, og opna gjerne dørene for 4H.
Plaketten vart utdelt til heile 9 medlemmar: Terje Gilleshammer, Susanne Drageset, Irene Humorstad, Trine Starheim, Kai Johnny Bugjerde, Frode Kjøllesdal, Kai Henning Sæthre, Linn Gilleshammer og John Thommas Hageland.

1997 Dianne Eikaas fortset som klubbleiar i sit 7. år og klubben har rekord i medlemstal, med heile 57 innmelde medlemar (jfr. stolpediagram). Tidleg på året vart det arrangert ein kombinert pizza/video kveld der ein såg filmen "Dangerous Minds". Ein aktivitetskveld vart også halden på Kjølsdalen skule den 19. juli, her forgikk baking, badminton, bilettaking og elles var der mogelegheiter for å få hjelp til oppgåvene sine. Dette året har klubben også vore på den årvisse overnattingsturen til Svartevatnet, denne gongen litt uheldig med vêrgudane som ikkje akkurat var på vår side. Men ein triveleg tur for deltakarane, det var det.

Etter 4H-oppgåve av Svein Petter Starheim