Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Om oss

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

________________________________________________________________________


TAVLA

TAVLA 30 ÅR!


Kjølsdalen krins har i 30 år hatt glede og nytte av bygdeavisa si TAVLA.

Det var i 1976 det heile starta, då var Jan Eide leiar i Kjølsdalen idrettslag. Dei gamle opphengsplassane for informasjon fungerte ikkje lenger som dei skulle fordi mange hadde fått seg motoriserte køyrety og ikkje hadde tid til å stoppe for å lese beskjedar. Då kom tanken om ein annan måte å spreie informasjon på. Det blei TAVLA som kom ut med jamne mellomrom når det var noko å meddele. Det var såleis Idrettslaget som kosta distribusjon og trykking i starten.

Sjølve skrivinga vart gjort på ei skrivemaskin, om ein ikkje nytta handskrivne originalar. Ei tid etter at John Kjøllesdal hadde vore ute for ei ulukke som nesten kosta han livet, fekk han i oppdrag å skrive TAVLA saman med sine to medarbeidarar: Jan Eide og Halstein Kjøllesdal. Spesielt Halstein hadde gode kontaktar og vart nytta som ordonnans for å få inn stoff. Eg trur John også tykte det var greitt å vere med i samfunnslivet att med avisarbeid som filolog etter uhellet han hadde hatt.

Seinare tok skulen med elevbedrift over sjølve trykkinga, men Ungdomslaget var ansvarleg og fekk ut avisa ein gang pr. månad. Avisa har vore gratis for alle husstandar sjølv om ein har prøvd seg på friviljug bladpengebetaling. TAVLA vert også sendt til eit trettitals personar rundt i landet som har tilknyting til krinsen og ønskjer å følgje med på det som skjer i bygdene. Her kan ein finne påminning om møter som skal haldast, Bygdekino og referat frå ulike hendingar i bygdene.

I dag er TAVLA laga elektronisk og lagt ut på nettet. Den kan lesast av alle i heile verda om dei finn fram på veven.:
Bygdeavisa Tavla. Det er kanskje lettare å finne websida til Kjølsdalen krins og klikke seg vidare derifrå eller rett og slett søkje på TAVLA.

Sjølv om mykje no er blitt elektronisk og ein brukar tid på internett, set mange pris på å få TAVLA i postkassa. TAVLA har vore til stor hjelp i distribusjon av informasjon. Tek ein vare på avisa, har ein klokkeslett og møtedagar rett framføre seg.
Dei som har teke vare på utgjevne nummer av avisa har mogelegheit til å sjå kva som har gått føre seg i krinsen månad for månad dei siste 30 åra.
Vi kan ta eit lite tilbakeblikk:
- Svein Johnsen vert lagsmeistar i skyting 2 sep. 1984
- Leif Gillesdal vann skiskyting på Eikås 16.03.1986
- I mai 1986 starta arbeidet på Haus Grendahus
- I august 1986 byggjer Matias Eikås ny driftsbygning og Kåre Årdal nytt våningshus
- TAVLA november 1987 har Margun Ervik blitt styrkja i trua på at ”Ærlighet varer lengst” når ho fekk att sykkelen sin som vart teken frå ho
- September 1988 fann Oddrun Erviksæter briller i blått etui i Mosehauane (fann ho eigaren tru?)
- På Barnegruppa si utlodding nov 1989 vann m.a. Frode Kjøllesdal ein lastebil og Jermund Myklebust ei dokke.

I tillegg til slike smånytt finn ein historiske artiklar skrivne av folk i og utanfor krinsen.
- Mai 1990 skriv Einar Berstad om ”17. mai slik vi opplevde den som born”
- Desember 1989 skriv Martin Breiteig frå Syvde om ”Eit barndomsminne” om å gå over fjellet til Kjølsdalen som 9-åring og korleis han får oppleve vegarbeidarar på vegen Ervik-Kjølsdalen

Ein får vel seie at TAVLA har hatt i seg det som må til for å overleve som bygdeavis. Bruken av avisa og produksjon av artiklar til bladet vil vere avgjerande for vidare lagnad. Ikkje alle er like kjende med Internett, så eg trur at papirversjonen er liv laga framover. Dessutan kan TAVLA hengast opp på tavla på kjøkkenet ditt slik at det er lett å finne fram i hendingar som skal skje fram over.

I dag vert mesteparten av arbeidet med TAVLA gjort over nettet, og ein trufast dugnadsgjeng hjelper til med å få den ut i alle postkassene. Avisa blir i dag kopiert på Kjølsdalen skule der Kjølsdalen Ungdomslag står med ansvar for arbeid og økonomi.

Lukke til med arbeidet vidare.

Jan Eide.