Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

4H DISTRIKTSLEIR I HEGGJABYGDA


Heggrosa 4H har i år gleda av å invitere til distriktsleir.

Stad: Grendahuset i Heggjabygda.
Teltleiren vert på grusbana.
Tidsrom: Fredag 28.mai - Søndag 30.mai
Leiren opnar fredag kl. 18.00

Pris: kr. 400,- pr.pers.
Trekløveret sponsar kvar deltakar med 100 kr , så du betaler berre 300,-

PÅMELDING:
Samla påmelding så fort som råd,
seinast måndag 24.mai.

CAMILLA 990671156 eller DIANNE 91841657

LEIRPROGRAM

Fredag 28.mai:
Leiren opnar kl. 18.00. Registrering og rigging av leir.
Opning av leiren ved leiar og tenning av leirbål.
Musikalsk underhaldning kl. 20-21.
Kveldsmat kl. 21.00.
Ro kl. 23.00

Laurdag 29.mai:
Revelje kl. 08.00.
Frukost kl. 08.30. Lag niste til lunsj.
Aktivitetane tek til kl. 09.30. Held på til ca. 15.30.
Volleyballturnering kl. 16.00.
Underhaldning på scena kl. 19-20.
Tenning av leirbål.
Grilling: kl. 20.00.
Kiosken er open.
Ro kl. 23.00.

Søndag 30. mai:
Revelje kl. 08.00.
Frukost kl. 08.30.
Volleyball-finale kl. 10.00. Servering av kaffimat til foreldre.
Avslutning kl. 12.00. Vel heim!



Vi brukar ungdomshuset med kjøkken, matsal og toalett og området utanfor.
Satsar på godt ver og held til mest utendørs.

Det vert sett opp nattevakter som går to-timars-skift begge nettene. Dersom der er andre vaksne som skal overnatte og kan ta ei vakt set vi pris på det.
Om ein ynskjer å vere med uten å overnatte er sjølvsagt velkomne til det.


Pakkeliste: Telt, sovepose, liggeunderlag/madrass, evt. presenning til å ha under telta, toalettsaker, matboks, drikkeflaske, innesko, utesko, uteklede, kleskift, fjellsko og tursekk om ein skal på fjelltur, redningsvest og fiskeutstyr om ein skal vere med på fisking.

AKTIVITETAR

FISKING:
Begynner fredag. Ta med fiskeutstyr, redningsvest.

FJELLTUR:
Heildagstur. Ta med fjellsko, tursekk.

FORMING:
Fleire alternativ som knyting av venskapsband, hekle/strikke panneband, fletting av tau-brikke.

MATLAGING:
lage til eit mellommåltid og forberede grillmat til laurdag. Lage kaffimat til søndag. Ta med forkle og hårstrikk.

GAPAHUK:
Skal lage ein som skal setjast opp på leirplassen.

LEIRAVIS:
Ta bilder alle tre dagane og setje saman til ei avis om leiren.

UNDERHALDNING:
Lage til eit program som skal framførast laurdags-kvelden.

Gå til nyhendearkiv