Kjølsdalen krins

Trekløveret 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

4H FYLKESLEIR I AURLAND


4H Sogn og Fjordane sin fylkesleir skal vere 24. - 27. juni på jord- og hagebruksskulen i Aurland. Under årets fylkesleir blir deltakarane mellom anna inviterert til spennande og utfordrande aktivitetar i Gudvangen vikingby og Eva & The Heartmaker skal spele på laurdagskvelden. Dette blir kjekt, så meld deg på!

Leiren er for juniorar og seniorar, altså dei som fyller 12 år i år eller er eldre. Påmeldingsfristen er 1. juni. Påmelding skjer via 4H sitt medlemsregister. (Klikk på overskrifta for meir info om leiren)

Leirbrosjyre (PDF)

Laurdag 25. juni skal alle leirdeltakarane ut på tur! Dette melder ein seg på ved påmelding til leiren via "min side" på heimesidene til 4H. Vi har tidlegare annonsert to turar med skyting og samarbeidsaktivitetar. Selskapet som skulle ha desse aktivitetane har lagt ned drifta. Vi har derfor funne ein minst like god og billegare erstatning: Aktivitetar på Gudvangen vikingby.

Vi inviterer til to turar i Gudvangen vikingby: Ein for dei mellom 12 og 15 år og ein for dei over 16 år.

Turprogrammet blir dermed slik.

1. Gudvangen vikingby: Delta på utfordrande vikingaktivitetar som bogeskyting, øksekasting, roing og vikingtevlingar. For deg som er over 16 år. Eigenbetaling: Kr 100,-

2. Gudvangen vikingby: Delta på morosame vikingaktivitetar som roing, bogeskyting og vikingleikar. For deg som er mellom 12 og 15 år. Eigenbetaling: Kr 100,-

3. Lett tur: Båt frå Aurland. Gåtur Bleiklindi - Styvi på den gamle postvegen.

4. Hard tur: Båt frå Aurland. Fjelltur frå Stigen til høgdegard.

5. Vaksentur for alumnar og leiarar med opplevingar i Flåm.

Påmelding til fylkesleiren og turar innan 1. juni.

Meld deg på via medlemsregisteret.
Får du ikkjetil dette , - kontakt 4H kontoret!!

Gå til nyhendearkiv